Tuaregskjoldet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det vestafrikanske kratonet med Tuaregskjoldet i aust.

Tuaregskjoldet er ein kraton eller ei jordskorpeplater som ligg mellom det vestafrikanske kratonet og Saharakratonet i Nord-Afrika. Det har til tider høyrt til den vestlege delen av Saharakratonet, men har vore lausrive frå dette gjennom store delar av jordhistoria. Kratonet består av restar etter prekambriske fjellkjeder og skyvedekke. Plata inneheld både kontinental og marin jordskorpe og restar etter vulkanske øybogar.

Det dekkjer delar av Algerie, Niger og Mali.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]