Tubax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tubax er eit treblåseinstrument. Instrumentet er ein modifisert kontrabass-saksofon funnen opp av Benedikt Eppelsheim. Den er stemt i Ess med grunntone Ess1, til liks med kontrabass-saksofonen. Tubaxen vert notert i G-nøkkel som transponerande instrument, og har ei rekkevidde frå Db1 til h1. Tubaxen finst òg stemt i C og Bb, med grunntone C1 og Bb2. Bb-tubaxen kan sjåast på som ei endeleg realisering av Adolphe Sax sin 150 år gamle plan om ein subkontrabass-saksofon.

Tubaxen har ei mykje trongare boring enn kontrabass-saksofonen, og er meir lik ein sarrusofon. Den har same fingring som kontrabass-saksofonen, og tek i bruk eit barytonsaksofon-munnstykke. Den tronge boringa gjer at den har mindre kraft enn ein kontrabass-saksofon, men det gjer òg sitt til at at den lettare kan spele mjukt og i dei lågare registra. Klangleg er den som ein barytonsaksofon med éin ekstra oktav nedover.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]