Tuhinjdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tuhinjdalen er ein dal i Slovenia mellom Celjebekkenet og Ljubljanabekkenet. Han går frå aust til vest langs elvane Nevljica og Motnišnica.

Den vestlege delen av elva vart forma av nedslagsfeltet til Neveljica, som renn ut i Kamniška Bistrica og den smalare, austlege delen av Motnišnica, ei sideelv til Savinja. Vasskiljet deira er ved Kozjakpasset 655 meter over havet mellom Cirkuše v Tuhinju og Špitalič. Dei største busetnadane i dalen er Laze v Tuhinju, Šmartno v Tuhinju og Motnik. Dei mange gamle busetnadane viser til at dalen var ei viktig gjennomfartsåre i mellomalderen.

Fram til midten av 1900-talet vart det drive gruvedrift etter brunkol i dalen nær Motnik. Dei siste åra har turismen så vidt vorte utvikla med kurstaden Snovik.[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Slovensk turistinformasjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]