Tula i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tula
Тула
Uspenskijkatedralen i Tula
Uspenskijkatedralen i Tula
Flagget til Tula Byvåpenet til Tula
Flagget til Tula Byvåpenet til Tula


Plassering
Tula i Russland is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Tula oblast
Første gong nemnd
Bystatus
1146
1146
Borgarmeister Vladimir Mogilnikov
Geografi
Flatevidd
 - By

145,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

509 010
  3 505,6 /km²
Koordinatar 54°12′″N 37°37′″EKoordinatar: 54°12′″N 37°37′″E
Høgd over havet 170 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 300000–301505
Retningsnummer (tlf) (+7)4872
Bilnummer 71
Nettstad: www.tula.ru

Tula (russisk Ту́ла) er ein by og administrativt senter i Tula oblast i Russland. Han ligg ved elva Upa, rundt 170 km sør for Moskva. I 2008 hadde byen om lag 510 000 innbyggjarar.

Tula er ein viktig industriby i Sentral-Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har eksistert i alle fall sidan 1300-talet. Nokre historikarar meiner at Tula er same bye som Taidula, nemnd i ei krønike i 1146.

I mellomalderen var Tula ei mindre festning ved grensa til Fyrstedømet Rjazan. Då byen kom under Storfyrstedømet Moskva vart det bygd ein kreml i stein, fullført i 1530. Den var ein nøkkelfestning i den russiske festningslinja Zasetsjnaja tsjerta og ho stod imot ei omleiring av tatarane i 1552. I 1607 inntok Ivan Bolotnikov og hans støttespelarar citadellet og motstod ei fire månader lang omleiring av armeen til tsaren. På 1700-talet vart enkelte delar av kremlmurane rive ned.

I 1712 vart Tula vitja av Peter den store som gav Demidov-smedane i oppdrag å bygge den første våpenfabrikken i Russland. Nokre tiår seinare vart Tula av Demidovane omgjort til det største senteret for jernfabrikkar i Aust-Europa. Det eldste museet i byen, som viser våpna si historie, vart opna av Demidovane i 1724. Den første fabrikken for industriell produksjon av samovarar vart òg oppretta der på 1700-talet. Etter at Demidovane flytta senteret for produksjon sin til Ural, heldt byen fram som eit senter for tungindustri, spesielt innan våpenproduksjon.

Under den andre verdskrigen var våpenproduksjon i byen særs viktig. Tula vart mål for ein tysk offensiv, frå 24. oktober til 5. desember 1941, for å bryte den sovjetiske motstanden i Moskvaområdet. Den tungt festningssikra byen klarte seg derimot og Guderian sin Andre panserarme vart stoppa nær Tula. Byen sikra sørflanken under det sovjetiske forsvaret av Moskva og den etterfølgjande motoffensiven. For dette vart byen etter krigen erklært helteby.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den mest populære turistattraksjonen i Tula er Jasnaja Poljana, heimen og gravstaden til forfattaren Leo Tolstoj. Det ligg fjorten kilometer sørvest for byen. Det var her Tolstoj skreiv dei kjende romanane Krig og fred og Anna Karenina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tula i Russland

Galleri[endre | endre wikiteksten]