Tunbalderbrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tunbalderbrå
Tunbalderbrå
Tunbalderbrå
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Kamilleblomslekta Matricaria
Art: Tunbalderbrå M. discoidea
Vitskapleg namn
Matricaria discoidea

Tunbalderbrå er ei urt i korgplantefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og er mørkgrøn, tettblada og med kortskafta korger. Blomane er utan kantkroner. Dei har gulgrøne midtkroner i høg innhol topp, og har sterk lukt. Tunbalderbrå blømer kring juni månad i tun og gater, og langs vegar og jernbanar.

Planten kom opphavleg til Noreg som ballastplante.[1] Han er spreidd over heile Noreg i ny tid. Han er vurdert som ein framand art med potensielt høg risiko for å vera invasiv av Artsdatabanken.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. museumsnett.no Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine. Risør museum: ballastplanter
  2. «Tunbalderbrå Lepidotheca suaveolens», www.artsdatabanken.no, henta 20. mars 2020 
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]