Tungurahua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tungurahua
Utslepp av røyk og oske i 2003. (Foto: Gerd Breitenbach)
Utslepp av røyk og oske i 2003.
(Foto: Gerd Breitenbach)
Høgd over havet 5 016 m.
Ligg i/på Ecuador
Fjellkjede Andesfjella
Koordinatar 1°28´12“S 78°26´41“W
Førsteklatring 1873, Alfons Stübel og Wilhelm Reiß

Tungurahua (quechua tunguri: svelg, rahua: brann, eldtunge) er ein aktiv stratovulkan i Ecuador. Han ligg i den midtre cordillera i dei ecuadorianske Andes, og reiser seg over regnskogen i Amazonas.

Det siste store utbrotet skjedde i 1944. I august 2002 var det eit utslepp av ei sky av røyk og oske 3 kilometer opp i lufta.

Han er òg kjent under namnet den svarte giganten. Som ein aktiv vulkan med ein stigande magmaundergrunn, skaper han mange tremur i byen Baños like ved.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner plassering av dei mest kjente vulkanar i Ecuador.

Kvar han ligg[endre | endre wikiteksten]

Tungurahua ligg i dei austre (sentrale) cordilleras i Andes 140 kilometer sør for hovudstaden Quito. Ca 40 km mot vest ligg den høgste vulkanen i landet, Chimborazo (6310, 6267 m) og ca 25 km mot sør ligg vulkanen El Altar (5319 m). Tungurahua reiser seg over den litle byen Baños (1800 m), kjent for varme kjelder, avstanden til Baños er berre ca 5 km mot nord. Andre nærliggande byar er Ambato 30 km mot nordvest og Riobamba 30 km mot sørvest. Tungurahua ligg heilt mot nordre grense av, men innanfor Sangay nasjonalpark.

Evig snø[endre | endre wikiteksten]

Høgda på Tungurahua tilseier evig snø der, grensa går på kring 4900 m. Men ein avgrensa isbre som tidlegare låg over på toppen smelta vekk då den vulkanske aktiviteten tok seg opp i 1999.

Satellittbilete av Tungurahura, sentrum mot høgre, med oskesky som driv mot sørvest. Chimborazo og El Altar er dekte av snø. Ein kan òg skimte Baños i ein trong dal i nord.

Vulkansk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Dagens vulkanske konstruksjon vert kalla Tungurahua III og ligg innanfor kalderaen åt forløparen (Tungurahua II) som kollapsa for 3000 (±90) år sidan. Den opphavlege konstruksjonen, Tungurahua I, kollapsa mot slutten av sein pleistocene. (IG-EPN n.d., [1]).

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Tungurahua har stromboliansk utbrot, med andre ord relativt veike utbrot. Alle historiske erupsjonar har hatt utløp gjennom toppkrateret og har vore følgt av sterke eksplosjonar, utkast av vulkanske fragment og nokre gongar lavastraumar. I dei siste 1300 åra har vulkanen gått inn i ein aktiv fase kvart 80 til 100 år, kor sterkast aktivitet kom i 1773, 1886 og 1916-1918. (IG-EPN 1999, [2])

Tungurahua spyr ut varm lava og oske i 1999.

Aktiviteten som starta i 1999[endre | endre wikiteksten]

Etter ein lengre periode med kvile starta ein siste eruptiv fase i oktober 1999 som har halde fram til og med august 2006. I byrjinga på denne fasen blei 25 000 innbyggjarar i dei næraste områda mellombels evakuerte, deriblant alle i Baños. Aktiviteten veksla noko fram til 17. mai 2006 då aktiviteten tok til igjen og kulminerte med øydeleggjande utbrot den 14. juli og 16. august. Tilfellet i august var det mest valdelege så langt. Ei 10 km høg oskesky spreidde seg over eit areal på 740 gongar 180 km (IG-EPN 2006, [3]) og utkast av vulkanske fragment drap fem menneske. I tillegg blei det materielle skadar ved at vegar og landsbyar på nordvestsida av Tungurahua vart lagt under oske.


Tungurahua er òg ein provins i Ecuador med hovudstaden Ambato. Tungurahuavulkanen ligg i provinsen med same namn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]