Tunheim - The Movie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tunheim - The Movie (2001) er ein norsk roadmovie med handlinga lagt til Indre Sogn.

Filmen er produsert av Tor Uglum og Frode Navarsete. Foto, klipp og lyssetjing er gjort av Einar Loftesnes. All musikken til filmen er komponert og innspela av Inge Ronny Kvåle og Bjørn Tore Årøy.

Hovudrolleinnhavar Jan Rune Årøy spelar Jo Tunheim (les: Jotunheim) som viklar seg inn i eit kriminalplott av det lette slaget. Dette er ein film i kategorien komedie.

Andre sentrale skodespelarar:

  • Geir Inge Heggestad
  • Kåre Stokkenes
  • John Erik Aasen
  • Frank Haukereid
  • Arne Emil Wathne
  • Vidar Vadseth.

Filmen er berre distribuert lokalt i Sogn. Filmen var i 2005 den best besøkte filmen på Sogndal Kino gjennom tidene.