Tunnbröd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Til ventre eit moderne bakeribakt tunnbröd av kveitemjøl, rugmjøl, gjær og hjortetakksalt. Til høgre eit usyra tunnbröd baka av bygg, mjølk, vatn og salt.

Tunnbröd er eit fellesnamn for svenske brødslag av flatbrød- og lefsetype. Tunnbröd blir baka av kveitemjøl, rugmjøl og ofte òg byggmjøl. I motsetnad til norsk flatbrød inneheld det svenske tunnbrödet oftast noko gjær eller hjortetakk. Ein kjevlar ut deigen tynt — anten med slett kjevle eller ruta eller rugla kjevle. Ein steikjer tunnbröda helst i gammaldags bakaromn, men i vår tid blir òg vanlege steikeomnar bruka.

Tunnbröd kan vera mjuke som norsk lefse eller harde som flatbrød. Det blir rekna som uunnverleg attåt surströmming, men blir òg bruka til kåldolmar. Den svenske matretten «bryta» er sundbrotne bitar av tunnbröd servert i djuptallerken saman med mjølk og tyttebersyltetøy.