Tuomo Ylipulli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tuomo Ylipulli (fødd 3. mars 1965) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Rovaniemi. Han vart to gongar verdsmeister med Finlands hopplag, i 1985 og 1987, og vart så olympisk meister i laghopping i 1988. Ylipulli vann eitt verdscuprenn i januar 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ylipulli debuterte internasjonalt i Oberstdorf 30. desember 1982 og vart nummer 14 i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Seinare i debutsesongen fekk han sin fyrste pallplass då han i Vikersundbakken berre vart slått av landsmannen Matti Nykänen og canadiske Horst Bulau. Også hans beste prestasjon i 1984 kom i ein skiflygingsbakke, då han i Bad Mitterndorf i mars månad vart nummer sju.

22. januar 1985 vart Ylipulli verdmeister i laghopping. I verdsmeisterskapen i Seefeld sikra han gullmedalje for Finland saman Pentti Kokkonen, Matti Nykänen og Jari Puikkonen. Tre veker seinare kom Ylipulli på tredjeplass i eit verdscuprenn i Sapporo. I VM i skiflyging 1986 i Bad Mitterndorf vart han nummer fem, hans beste plassering i sesongen.

Ylipulli vann sitt fyrste og einaste verdscuprenn då han gjekk til topps i avslutningsrennet i hoppveka i Bischofshofen 6. januar 1987. Han slo då toraren Ernst Vettori frå Austerrike med 4,6 poeng, i eit renn der andreomgangen vart avlyst. Ein månad seinare var Ylipulli med då Finland i Oberstdorf på suverent vis forsvarte VM-tittelen i laghopping. Også Nykänen vart verdsmeister som i 1985, nye på laget var Ari-Pekka Nikkola og Pekka Suorsa. Indviduelt fekk Ylipulli ein sjuandeplass i normalbakken og vart nummer ti i storbakken i meisterskapen.

Ylipulli var også med på å sikre finsk gull i laghopping under OL 1988 i Calgary. Dei tre andre var førnemnde Nykänen, Nikkola og Puikkonen. Ylipulli la opp etter 1988-sesongen, då eit par niandeplassar var hans beste individuelle plasseringar i verdscupen.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]