Tupiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tupiungdom dansar ved ein protestleir mot Aracruz Celulose.
Foto: Valter Campanato/ABr

Tupiar er eit at dei største urfolka i Brasil. Dei snakka opphavleg tupi-guarani-språk.

Tupiar spreidde seg til store delar av Brasil for over 2000 år sidan. Då europearar først kom til området på 1500-talet budde det tupiar langs heile kysten frå Amazonasmunninga til sør i delstaten São Paulo. Dei levde i ulike stammegrupper som kunne måla nokre hundre til fleire tusen folk, til dømes tupiniquim, tupinambá, potiguara, tabajara, caetés, temiminó og tamoios.Tupiane dreiv jordbruk og dyrka mellom anna mais, maniok, søtpotet, graskar, bønner, jordnøtter, bomull og tobakk. Dei ulike stammane låg ofte i krig med kvarandre eller andre folkegrupper i området.

Etter at kolonitida byrja blei tupiar drepne, tekne som slavar eller gjekk opp i den nye brasilianske folkesettinga. Fleire brasilianarar har dermed noko tupiopphav. Det finst også nokre få grupper att som har ein eigen tupi-identitet og følgjer gamle tradisjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]