Turaelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tura | ||
| Munning | Tobol | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 1030 km | |
| Nedslagsfelt | 80 400 km² | |
Tura (russisk Тура́), òg kalla Dolgaja, er ei elv i Sverdlovsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 1030 km lang og har eit nedslagsfelt på 80 400 km².
Tura er farbar for båtar 753 km oppover frå munningen. Ho frys til i slutten av oktober, og er islagd til april/mai.
Dei største sideelvane hennar er Salda, Tagil, Nitsa og Pysjma.
Byer som ligg ved Tura er Verkhnjaja Tura, Nizjnjaja Tura, Verkhoturje, Turinsk og Tjumen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tura» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.