Turbiditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Turbiditt er ein straum av sediment oppvirvla i vatn skapt ved ras nedover ein undersjøisk skråning, til dømes i framkant av eit elvedelta i sjø eller innsjø.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Marine turbidittar opptrer hyppig i kontinentalskråningar. Blandinga av vatn og sediment har større tettleik enn omkringliggande vassmasser og kan derfor oppnå stor fart. Han vil rive med seg meir materiale på veg nedover skråninga og vil fortsette langt utover havbotnen nedanfor. Siden dette gjentar seg jamleg. fører det til at store mengder sedimenter blir transportert frå kontinentalsokkelen til dei store havdjupa.

Annen tyding[endre | endre wikiteksten]

Turbiditt-berg

Turbiditt er òg namnet på sedimentære bergartar (forsteina avsetningar) skapt av gamle turbidittstraumar. Slike avsetningar har karakteristiske trekk som avslører korleis dei vart danna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Gradert lag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Turbiditt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. januar 2014.
  • A. Allaby and M. Allaby: The Concise Oxford Dictionary of Earth Sciences, Oxford University Press 1991, oppslagsord «turbidity current» og «turbidite».