Turboladar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gjennomskljering av turboladar,

Turboladar er ein eksosdriven kompressor som vert nytta for å fylla sylindrane på stempelmotorar med luft under innsugingstakta. Di meir luft ein kan fylla i sylindrane, di meir oksygen er det. Ein kan difor brenna meir drivstoff og ta ut høgare effekt i høve til slagvolumet.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

For at det skal strauma luft inn i sylindrane under innsugingstakta må det vera ein trykkdifferanse mellom utsida og sylinderen. Trykket i sylindrane og innsugingsmanifolden må difor ligga litt under atmosfæretrykket. Di høgare turtalet er di mindre tid har ein til rådvelde for å fylla sylindrane med luft. Fyllingsgraden vert difor ikkje like god ved høge turtal og dreiemomentet fell. Luftmassen, og difor oksygenmassen, i sylindrane kan aukast ved å auka trykket i innsugingsmanifolden.

Ein måte å oppnå dette på er å nytta ein kompressor driven frå veivakselen, med dette krev at noko av effekten til motoren går med til å driva kompressoren. Ein turboladar derimot utnyttar rørsleenergien i eksosen til å drive eit turbinhjul, som sit på same aksling som kompressorhjulet. Kompressoren fungerer som ei sentrifugalpumpe og aukar trykket i innsugingsmanifolden. Moderne turboladarar kan ha svært høge turtal. På store dieselmotorar kan turtalet vera rundt frå 90 000 o/min, medan det på mindre motorar kan vera heilt opp i 290 000 o/min [treng kjelde].

For dieselmotorar er det ein føremon at trykket i sylinderen er så stort som mogeleg, slik at ein får mest mogleg oksygen inn i sylinderen. Etter som det er innsprøyta drivstoffmengd som vert avgrensa for å regulera turtalet er det ingen fare ved at det er meir oksygen i sylinderen enn det som trengst for å forbrenna drivstoffet som vert sprøyta inn. Turbolading vart difor fyrst tekne i bruk i samband med dieselmotorar og er i dag svært utbreidd.

Ottomotorar vert òg i nokon grad utstyrte med turboladarar, men på denne motortypen må ladetrykket avgrensast for å unngå sjølvtenning (motorbank). Det er difor mindre å henta ved å utstyra bensinmotorar med turbolading.

Turbolading fører til at temperaturen på lufta som vert pressa in i sylinderen aukar til 120 til 150 °C. Dette fører til at volumet aukar og oksygenmassen i sylinderen minkar. Mange turbolada motorar er difor utstyrte med ladeluftkjølarar, som reduserer temperaturen til lufta slik at ein større masse kan pressast in i sylinderen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Turboladaen vart patentert i 1905 av sveitsaren Alfred Büchi [1]. Büchi var tilest hjå Saurer, der han arbeidde med å innføra turboladarar på skipsmotorane som førtaket produserte. På 1930-talet tok Saurer til å nytta turboladarar i lastebilmotorar [2]. Det tok noko tid før turboladarar vert vanlege. MAN tok til å nytta dei på lastebilmotorar i 1951 og Volvo i 1954[3], men det var fyrst på 1960-talet at det vart vanleg med turboladarar på lastebilmotorar. På 1970-talet tok det til å koma turboladarar på traktormotorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vor 100 Jahren: Alfred Büchi erhält das Patent auf den Turbomotor, Prova.de, 16/11-2005.
  2. Saurer oldtimer, saureroldtimer.ch
  3. Olson, C., Volvo lastbilar under sextio år, Førlagshuset Norden, 1987.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]