Turgajplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Turgajplatået (russisk Тургайское плато, Turgajskoje plato) er eit platå nordvest i Kasakhstan i Sentral-Asia. Det ligg 200-300 meter over havet.

Platået strekkjer seg 630 km frå nord til sør og 300 km frå aust til vest. Det er delt i to av Turgajravinen, som er 800 km lang og som under den siste istida var eit utløp frå den vestsibirske bresjøen som eksisterte då.

Mellom kritt- og eosentida var platået ein del av Turgajsundet eller Det vestsibirske havet, som var ein arm av Tethyshavet som skilde Asia frå Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°3′0″N 61°50′0″E