Turgut Özal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halil Turgut Özal (13. oktober 1927–17. april 1993) var ein tyrkisk liberal politisk leiar, statsminister og den åttande presidenten av Tyrkia. Då partiet hans, Moderlandspartiet (ANAP) vann parlamentsvalet i 1983 vart han den tredje demokratisk valde leiaren i tyrkisk historie etter Adnan Menderes og Süleyman Demirel. Som statsminister og frå 1989 president omforma han den tyrkiske økonomien ved å privatisere mange statlege føretak. Dette betra forholda til den vestlege verda, særleg til USA. I 1991 tok han personleg initiativ til Tyrkia sin medverknad i koalisjonen mot Irak under Golfkrigen.
| Føregjengar Bülend Ulusu |
Tyrkisk statsminster 1983–1989 |
Etterfylgjar Yıldırım Akbulut |
| Føregjengar Kenan Evren |
Tyrkisk president 1989–1993 |
Etterfylgjar Süleyman Demirel |