Turi Widerøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turi Widerøe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1937 (86 år)
Oslo
Yrke flygar, redaktør, journalist, illustratør
Språk norsk
Far Viggo Widerøe
Mor Solveig Widerøe
Ektefelle Karl Erik Harr

Turi Widerøe (fødd 23. november 1937) er ein norsk flygar, kjent som den første kvinnelege trafikkflygaren i landet og den første kvinnelege flygaren i eit større flyselskap i Vesten. Ho er òg grafisk formgjevar, journalist og historikar.

Flygar[endre | endre wikiteksten]

Turi Widerøe er dotter av flygaren Viggo Widerøe og Solveig Widerøe. Ho hadde ein variert yrkesbakgrunn då ho i 1965 starta karrieren sin som trafikkflygar. Ho studerte fire år som bokdesignar ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og tok diplom i 1958. Etter det praktiserte ho i to år som grafisk formgjevar ved ulike trykkeri. I 1958 vann ho Samskipnaden for bokkunst sin konkurranse med designar og illustrasjonar til Brodden til valet av Solveig Christov. I 1960 vart ho tilsett som redaksjonssekretær for Norske Arkitekters Landsforbund i tidsskriftet Byggekunst og Arkitektnytt, der ho var i fire år.

Ho tok privatflysertifikat i 1962 og deretter diplom som seglflygar. I 1964 vart ho tilsett som assistent for leiaren av gruveselskapet A/S Sydvaranger si malmleiting i indre Troms. Ho tok trafikkflygarsertifikat i 1967. Året før vart ho tilsett som postledsagar og etter kvart flygar på sjøfly i Widerøe's Flyveselskap A/S med stasjon Bodø. Både malmleiting og flyging på sjøflyruter var avgrensa til sommarsesongen, og ho brukte vintrane til vidareutdanning som flygar.

Våren 1968 kvalifiserte ho seg som kaptein og fauk Noorduyn Norseman og de Havilland Canada DHC-3 Otter sjøfly mellom Trondheim og Tromsø. Då det nye kortbanenettet på Helgeland opna sommaren 1968, tenestegjorde ho òg som andreflygar på Twin Otter. Hausten 1968 vart ho tilsett som flystyrmann i SAS og sjekka ut på Convair 440 Metropolitan, som hovudsakleg fauk rutar i Skandinavia. Seinare tenestegjorde ho på dei første jetflya til selskapet, Caravelle, til destinasjonar i Europa. I 1975 tok ho sertifikat på DC-9.

Turi Widerøe vart den første kvinnelege flygaren i SAS. Der la ho i tillegg ned eit stort frivillig arbeid for selskapet gjennom innsatsen sin med marknadsføring og informasjon, spesielt ved ein foredragsturné i USA i 1970. Ho vart tildelt dei amerikanske utmerkingane Amelia Earhart Medal og Harmon Trophy. I dag er hennar SAS-uniform utstilt på National Air and Space Museum i Washington, D.C. i USA.

Widerœe tok initiativet til, og redigerte, SAS sitt flygarforeningsmedlemsblad Interno, som i 1974 vart til Norsk Flygerforbunds Cockpit Forum. Turi Widerøe fortsette som flygar sjølv om ho stifta familie og fekk born. Då ho vart aleinemor måtte ho gje opp flygaryrket etter 10 år i SAS.

Journalist[endre | endre wikiteksten]

Ho vart i 1979 teke opp som stipendiat i NRK og fekk opplæring i radiojournalistikk. Etter det arbeidde ho som programsekretær og programleiar i NRK radio og fjernsyn fram til 1986. Her var ho blant anna med på å lage dei første forbrukarprogramma i fjernsynet, og i to periodar var ho i redaksjonen for laurdagssendingane til Erik Bye. Turi Widerøe var sju år i teneste for NRK, men fekk aldri fast tilsetting. Ho slutta i NRK i 1986 og byrja som redaktør i Gyldendal Norsk Forlag, der ho var til 1988. Ho arbeidde etter det som konsulent og informasjonsmedarbeidar i fleire føretak og organisasjonar. I ein periode etter 1990 var ho med i Norsk Aero Klubbs rekrutteringsutval, som arbeidde for å få fleire kvinner inn i norsk luftfart. Frå 1998 var ho tilsett som informasjonsleiar ved Oslo Nye Teater og frå 2001 ved Riksteatret. Etter at ho vart pensjonist i 2002 har ho arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande.

Turi Widerøe studerte historie ved sida av anna arbeid. Ho vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1998 og tok ein mastergrad i historie ved Universitetet i Tromsø i 2006. Tema for masteroppgåva var kartlegging med fly i Antarktis i mellomkrigstida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]