Turia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turia
RTuria1 Benaguasil.jpg
Utspring Universalesfjella
- Høgd 1680 moh
Munning Middelhavet
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 280 km
Nedslagsfelt 6393,6 km²

Turia (latinsk Turium, gresk Thyrion eller Thèrios, Θηριος) er ei elv i Spania som spring ut i provinsen Teruel. Ho renn gjennom provinsen Valencia og munnar ut i Middelhavet nær byen Valencia. Det første strekket av elva vert kalla Guadalaviar.

Etter ein katastrofal flaum i 1957 som gjekk hardt utover byen Valencia, vart elva delt i to vest i byen. Vatnet er ført inn i eitt nytt elvefar utanfor byen før ho renn ut i Middelhavet. Det gamle elvefaret ligg i dag tørt gjennom byen og er omgjort til ein park der syklistar og fotgjengarar kan kome seg gjennom det meste av byen utan å nytte vegar. Parken, som heiter Turiahagen (Jardí del Túria/Jardín del Turia) har mange små tjern, stiar, fontener, blomar, fotballbanar, kafear, kunstverk, klatreveggar, ein løpebane, ein zen-hage og meir. Mange bruer fører trafikken over parken.

Aust i parken ligg Gulliverparken (Parc Gulliver/Parque Gulliver), ein leikeplass for barn med ein stor glasfibermodell av Lemuel Gulliver knytt til bakken med tau. Modellen er konstruert slik at det er mogeleg å klatre i taua. I tillegg dannar kleda til Gulliver skiler og stigar som ein kan leike i. I aust finn ein òg Valencia musikkpalass (el Palau de la Música Valenciana).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°33′55.93″N 0°35′33.42″W