Turid Thomassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turid thomassen.jpg

Turid Thomassen (fødd 19. april 1965), frå Stathelle i Bamble kommune, har vore leiar i Raudt sidan 2010. Ho tok over vervet etter Torstein Dahle. Før ho vart partileiar, var ho ein markant lokalpolitikar i Lillehammer, der ho har vore kommunestyrerepresentant sidan 1999. Ho har òg sete i landsstyret i Raudt og RV i mange år. Fram til ho vart leiar i Raudt, jobba ho som konsulent på Høgskolen i Lillehammer. Ho er gift med SV-politikaren Aksel Hagen, som sit på fylkestinget i Oppland.

Thomassen er oppteken av fagleg-politisk arbeid, og har vore tillitsvald i Norsk Tenestemannslag. Elles er ho særleg engasjert seg i internasjonalt arbeid, mellom anna for Palestina.[1]

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. Artikkel på Raudt sine heimesider
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.