Turkanabassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Turkanabassenget er eit sedimentasjonsbasseng omkring Turkanasjøen i Aust-Afrika, 320 km breitt i nord og 170 km i sør. Det er eit forkastingsbasseng som tilhøyrer Den store rifta som er ein del av Riftdalen.

Grunnfjellet består av vulkanske bergarter som vart danna for 500 millionar år sidan. Dette er gjennomskore av vulkanske bergarter frå tertiær- og kvartærtida. Gombebasalten vart danna for fire millionar år sidan. Gruppa består av Mursibasalt og Gombibasalt.

Fossil, mellom anna av hominoidar, finst rikeleg i den sedimentære lagrekkja i Turkanabassenget. Dessutan har ein funne tidlegare elvebankar som dannar terrassar som ligg opptil 75 m over Turkanasjøen i dag. Turkanabassenget danna for 9 500 år sidan øvre delen av Nilen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein. (17. mai 2009). Turkanabassenget. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.