Turn It On Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turn It On Again
Singlar av Genesis
frå albumet Duke
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 8. mars 1980 (Storbritannia)
August 1980 (USA)
Innspelt Oktober–Desember 1979
Sjanger Poprock
Lengd 3:50 (album)
3:44 (britisk singel)
3:27 (amerikansk singel)
Selskap Charisma Records
Atlantic (U.S., Canada)
Komponist Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Tekstforfattar Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, David Hentschel
Genesis-kronologi 
«Deep in the Motherlode»
(1978)
Turn It On Again «Duchess»
(1980)


«Turn It On Again» er ein singel av det britiske bandet Genesis frå albumet Duke frå 1980. Singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia.[1]

Teksten, som var skriven av Mike Rutherford,[2] omhandlar ein mann som berre sit heime og ser på fjernsyn, og vert så besett av folka han ser på skjermen at han trur dei er venene hans.

Songen har ein kompleks rymtisk struktur som er uvanleg for popmusikk. Verset og refrenget byter takt frå 6/4 til 7/4 (13/4),[3] medan introduksjonen og mellomspelet er i 4/4 og 5/4 (9/4).

«Turn It On Again» vart mykje spelt på konsertane til Genesis og samlealbumet deira frå 1999, Turn It On Again: The Hits, er kalla opp etter songen, og det same var turneen deira i 2007, Turn It On Again: The Tour.

«Turn It On Again» har vorte nytta som musikk i ein reklame for General Motors. Han er òg med i spelet Grand Theft Auto: Vice City Stories. Songen vart spelt av Dream Theater på albumet A Change of Seasons.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
UK Singles Chart[4] 8
Kanadiske RPM Top Singles[5] 49
Frarnkrike[6] 32
Irland (IRMA)[7] 12
US Billboard Hot 100 58
US Cash Box Top 100[8] 55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
  2. Prasad, Anil. «Genesis: Turning it on again». Innerviews. Henta 17. oktober. 
  3. Genesis (2001). The Genesis Songbook (DVD). Eagle Rock Entertainment.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. «Official Charts Company». officialcharts.com. 
  5. «Library and Archives Canada». collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 15. mars 2020. 
  6. [1]
  7. "The Irish Charts – Search Results – Turn It on Again". Irish Singles Chart. Retrieved 15. mars 2020.
  8. «Archived copy». Arkivert frå originalen 14. april 2012. Henta 3. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]