Springvaktlar
| Springvaktlar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Turnicidae | |
Springvaktlar er ein biologisk familie av 16 fugleartar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Leveområde for desse fuglane er varmt grasland i Asia, Afrika og Australia.
Springvaktlar er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Hofuglane er mest fargerike og tar initiativ til paringsleik. Til forskjell frå dei fleste andre fuglar er artane i denne familien polyandriske, hofuglar sirkulerer blant fleire hannar og held rivaliserande hoar borte frå territoriet ho gjer krav på. Begge kjønna samarbeider i å byggje reiret på bakken, men berre hannen rugar på egga og syter for ungane. Rugetida er på 12 eller 13 dagar, og ungane er flygedyktige innan to veker etter klekking.
Springvaktlar liknar vaktlar utan at familiane er nært relaterte. Tradisjonelt var springvaktlar klassifisert som tranefuglar eller som hønsefuglar, Galliformes. No er det tatt med i ordenen Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar.[1]
Innhaldsliste |
Artsliste [endre]
Springvaktlar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2010[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
- Springvaktel, Turnix sylvaticus
- Raudhalsspringvaktel, Turnix maculosus
- Hottentottspringvaktel, Turnix hottentottus
- Orientspringvaktel, Turnix tanki
- Kastanjespringvaktel, Turnix ocellatus
- Bandspringvaktel, Turnix suscitator
- Madagaskarspringvaktel, Turnix nigricollis
- Svartbrystspringvaktel, Turnix melanogaster
- Perlespringvaktel, Turnix castanotus
- Rustnakkespringvaktel, Turnix olivii
- Raudaugespringvaktel, Turnix varius
- Luzonspringvaktel, Turnix worcesteri
- Sumbaspringvaktel, Turnix everetti
- Raudbrystspringvaktel, Turnix pyrrhothorax
- Vandrespringvaktel, Turnix velox
- Lerkespringvaktel, Ortyxelos meiffrenii
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger dels på «Buttonquail» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009
Fotnotar [endre]
- ↑ Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Charadriiformes)». Tilgjengeleg frå http://www.worldbirdnames.org/. http://www.worldbirdnames.org/n-shorebirds.html. Henta 4. januar 2011.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010). «The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5» (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view. Henta 2. januar 2011.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Springvaktar i videoopptak hos Internet Bird Collection