Turt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turt


Cicerbita alpina torta.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae Korgplantefamilien
Slekt: Cicerbita
Art: C. alpina
Vitskapleg namn
Cicerbita
(L.) A.Gray, 1844

Turt er ei urt i korgplantefamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 12-13 dm høg og har ugreina stengel som er fiolett og kjertelhåra øvst. Tynne kålgrøne blad, nedre blad har to-tre par finnar og brei trekanta endelapp. Mørke kjertelhåra korgdekkblad og blå eller blåfiolette kroner. Blømer kring juli månad i fuktig næringsrik skog, mest i fjell-lier. Veks over heile Noreg, funnen opp til 1460 m på Fillefjell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.