Tuscarorakrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tuscarora War
Dato 22. september 1711- 11. februar 1715
Stad Austlege Nord-Carolina
Resultat Siger til kolonistyret
  • Makta til tuscaroraane broten
  • Tuscaroraane trekte seg bort frå kysten
  • Sørtusaroraane migrerte til New York
Partar
Kolonimilitsen i Nord-Carolina
Kolonimilitsen i Sør-Carolina
Yamasee
Nordlege tuscarora
Apalachee
Catawba
Cherokee
Sørlege tuscarora
Pamlico
Cothechney
Coree
Mattamuskeet
Matchepungo
Kommandantar
Edward Hyde
Oberst John Barnwell
James Moore
Tom Blunt
Hancock

Tuscarorakrigen vart utkjempa i Nord-Carolina frå hausten 1711 fram til 11. februar 1715 mellom britiske, nederlandske og tyske nybyggjarar og tuscarora-indinarar. Det vart signert ein fredsavtale i 1715.

Den første suksessrike og permanente busetnaden i Nord-Carliona av europearane starta for alvor i 1653. Tuscarora-indianarane levde i fred med europearane som kom til Nord-Carolina i over 50 år i ei tid då nesten alle andre koloniar i Amerika var aktivt involverte i ein eller annan konflikt med dei amerikanske indianarane. Nybyggjarane som kom til fekk etter kvart katastrofale følgjer for indianarane i Nord-Carolina.

Det var to fråskilde kontingentar av tuscarora-indianarar på dette tidspunktet: ei nordleg gruppe leia av høvding Tom Blunt og ei sørleg gruppe leie av høvding Hancock. Høvding Blunt okkuperte området kring det som i dag er Bertie County ved Roanoke River. Høvding Hancock var nærare til New Bern i Nord-Carolina, og heldt seg i området sør for Pamplico River (i dag Pamlico River). Medan høvding Blunt vart nær ven med Blount-familien i Bertie-området, vart landsbyane til høvding Hancock stadig raida og folket hans kidnappa og selde som slavar. Begge gruppene vart hardt råka av sjukdommar som europearane førte med seg, og begge fekk raskt landområda sine fråstolne av dei inntrengande nybyggjarane. Til slutt følte høvding Hancock at han ikkje hadde noko andre alternativ enn å angripe nybyggjarane. Tom Blund ønskte ikkje å verte involvert i krigen på det tidspunktet.

Dei sørlege tuscarora-indianarane, leia av høvding Hancock, samarbeidde med pamplico-indianarar, cothechneys, cores, ,attamuskeets og matchepungoes om å angripe nybyggjarar på fleire stader i løpet av kort tid. Hovudmåla var plantasjeeigarane ved Roanoke River, Neuse River og Trent River og byen Bath. Dei første åtaka byrja den 22. september 1711, og hundrevis av nybyggjarar mista livet. Fleire viktige politikarar vart anten drepne eller drivne bort i dei påfølgjande månadane.

Guvernør Edward Hyde kalla ut militsen i Nord-Carolina, og sikra støtte frå styresmakta i Sør-Carolina, som gav 600 militssoldatar og 360 indianarar under oberst Barnwell. Denne styrken gjekk til åtak på dei sørlege tuscarora-indianarane og andre stammer i Craven County ved Fort Narhantes ved breidda av Neuse River i 1712. Tuscarora-indianarane vart slakta ned og meir enn 300 av dei vart drepne, medan kring 100 vart tekne til fange. Fangane var hovudsakleg kvinner og barn som vart selde som slavar.

Engelskmennene tilbaud høvding Blunt kontroll over heile tuscarora-stamma om han støtta nybyggjarane med å slå høvding Hancock. Høvding Blunt klarte å fange høvding Hancock, og nybyggjarane avretta han i 1712. I 1713 tapte dei sørlege tuscarora-indianarane Fort Neoheroka i Greene County,[1] og over 1 000 mann mista livet eller vart tekne til fange..[2]

På dette tidspunktet hadde dei fleste sørlege tuscarora-indianarane byrja å emigrere til New York for å kome seg unna nybyggjarane i Nord-Carolina.

Dei gjenverande tuscarora-indianarane signerte ein avtale med nybyggjarane i juni 1718. Dette gav dei løyve til eit landområde ved Roanoke River i det som i dag er Bertie County. Dette området var alt okkupert av Tom Blunt, og var spesifisert til å vere 56 000 acres (227 km²); Tom Blunt, som hadde teke namnet Blount, vart anerkjend av styresmaktene i Nord-Carolina som kong Tom Blount. Dei gjenverande sørlege tuscarora-indianarane vart fjerna frå heimane sine ved Pamlico River og tvungen til Bertie.

Støtta frå catawba og andre «sørlege» stammer for kolonistane førte til ein tretti år lang hemnkrig mot United Six Nations.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. North Carolina Archaeology: FORT NEOHEROKA
  2. A People and A Nation, Seventh Edition, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]