Tussmørker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tussmørker over Lake Crescent i Washington
Foto: Jan Tik
Cambridge i tussmørker. Neon- og gatelys er ein del av den moderne opplevinga av tussmørker.
Foto: Andrew Dunn
Tussmørker i Sheung Shui i Kina.
Skumring i Midtvesten i USA der ein kan sjå Venus som ei skinande stjerne og månen]
Foto: Shakil Mustafa

Tussmørker er ei nemning for lyset før solrenning eller etter soleglad når sollyset vert spreidd og reflektert av gass og støv i den øvre atmosfæren og lyser opp den lågare atmosfæren og overflata på jorda. På norsk heiter det ofte skyming eller skumring om kveldsmørket og dagning eller grålysing om daggryet.

Halvmørkret skaper ei særeigen trolsk stemning, men i ny tid er tussmørkret, i staden for å vera tida då ein synest ein ser tusser, vorte tida då det vert tend elektrisk lys overalt. I norsk tradisjon er «å halde skyming» å sitje og kvile innomhus utan tende lys, før det vert så mørkt at ein må kveikje lys for å få gangsyn.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei følgjande definisjonane vert mykje brukt. For desse definisjonane vert det brukt ein ideell horisont som er 90° frå senit.

Alminneleg tussmørker (sivilt eller borgarleg tussmørker)[endre | endre wikiteksten]

Denne typen tussmørker tek til når senteret av sola er mindre enn 6° under horisonten, og endar ved soloppgang. Dei lyssterkaste stjernene er synlege, i tillegg planetar som Venus, som ofte vert kalla ei «morgonstjerne» eller ei «kveldsstjerne». I alminneleg tussmørker er det som regel nok lys utandørs til at ein ikkje treng kunstige lys for å gjere noko utomhus.

Dette omgrepet vert av og til brukt i lover i land der det er lovleg å køyre utan lys om dagen, eller for å definere om eit innbrot kan handsamast som eit innbrot på natta eller om dagen, der eit innbrot om dagen ofte fører til lågare straff. Sivilt tussmørker kan òg skildrast som tida når sola er under horisonten og det er nok lysforhold i godt vêr til at ein kan sjå ting rundt seg tydeleg.

I almanakk for Noreg er det med ein tussmørketabell for heile Noreg. Denne tabellen viser når det er alminneleg tussmørker til ulike tider av året på dei forskjellige breiddegradane.

Nautisk tussmørker[endre | endre wikiteksten]

Dette er definert som tida då senteret av sola er meir enn 6° og mindre enn 12° under horisonten. Dette er tida då sjømenn kan byrje å bruke kjende stjerner til å navigere etter. I slikt lys er det vanskeleg å sjå vanlege ting rundt seg, og utandørsaktivitetar som krev lys er som regel ikkje mogleg utan kunstig lys. Definisjonen av nautisk skumring vert òg brukt i militære operasjonar.

Astronomisk tussmørker[endre | endre wikiteksten]

Dette er definert som tida då sola er meir enn 12°, men mindre enn 18° under horisonten. Dei fleste observatørar vil seie at himmelen allereie er mørk innanfor den astronomiske skumringa, og astronomar kan enkelt observere lyskjelder som stjerner, men svake og diffuse lekamar som stjernetåker og galaksar kan ein berre observere tydeleg når ein er utanfor astronomisk skumring. Altså vil dei svakaste stjernene ein kan sjå med det blotte auget — dei av 6. storleiksorden — berre vere synleg når sola er meir enn 18° under horisonten, og forsvinne når sola er nærare horisonten enn 18°. Lysforureining, hovudsakleg i større byar, kan derimot føre til at ein ikkje ein gong kan sjå stjerner av storleiksorden 4 same kor langt under horisonten sola er.

Geografiske skilnader[endre | endre wikiteksten]

Lappland i Finland ved midnatt i juli.
Foto: Konrad Zielinski

Innanfor polarsirkelen har ein dagslys 24 timar i døgnet om sommaren, og tussmørkret varer i vekesvis (om hausten og våren). På høgare breidder utanfor polarsirkelen har ein ikkje dagslys 24 timar, men tussmørkret kan vare frå sola går ned til ho står opp att. Over om lag 60,5°N eller S (om lag Bergen) har ein sivilt tussmørker heile natta midtsommars, medan ein over 54,5°N eller S (om lag København og Moskva) har nautisk tussmørker heile sommaren.

I Arktis og Antarktis kan tussmørkret vare fleire timar (på polane om lag ein månad etter sola har gått ned for vinteren, eller før ho står opp for sommaren), medan ein på ekvator kan gå frå dag til natt på berre 20 minutt. Dette kjem av at horisonten på låge breiddegrader står normalt på jordrørsla. På tempererte breidder er tussmørkret kortast nær jamdøger om våren og hausten.

Dei nettene då sola ved midnatt står mindre enn 18° under horisonten, heiter lyse netter. I Oslo varer dei lyse nettene frå 21. april til 21. august, i Trondheim frå 13. april til 31. august og i Tromsø frå 26. mars til 18. september. Sørgrensa for dei lyse nettene er 49°N.

På andre planetar[endre | endre wikiteksten]

Skumringa på planeten Mars varer lenger enn på jorda, opp til to timar før eller etter sola går opp eller ned. Støv høgt i atmosfæren spreiar lys til nattsida av planeten. Liknande skumringar kan ein ha på jorda etter store vulkanutbrot.

Tussmørker i kulturen[endre | endre wikiteksten]

«Snart dages det, brødre, det lysner i øst,
til arbejdet fremad i kor!»
frå «Socialisternes March» av U. P. Overby, 1871

Skyminga og morgongryet har vore viktige symbol i mange kulturar. Dei er vorte gjevne skikkelsar som gudar og har inspirert mange kunstnarar. Overgangen mellom lys og mørke er eit vanleg litterært og retorisk verkemiddel der lys står for noko ein ønskjer, og mørket for noko ein ikkje ønskjer.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «tussmørker» har samanhang med norrønt þurs, þuss som tyder tuss, tusse (jf. tuss og troll) eller tvi-, jf eng. twilight, som her tyder mellom (ordet kvist i morgonkvist har same opphavet).

Religion[endre | endre wikiteksten]

Solguden Mithras med månegudinna Selene og tvillingane for daggryet og kveldsskyminga, Cautes og Cautopates. Romersk utskjering frå 100- eller 200-talet.

I fleire kulturar merkar skyminga enden av ein dag og byrjinga av ein annan. Såleis tek den jødiske sabbaten til like før sola går ned fredagskvelden og ender når det er vorte mørkt neste dagen (tradisjonelt når ein kan sjå tre stjerner på himmelen). Muslimane byrjar ramadanfasten sin frå det tidspunktet om morgonen då det er mogleg å skilje ein kvit tråd frå ein svart — det skal tilsvare tidspunktet når det astronomiske tussmørkret byrjar. Dei bed òg daglege bøner ved gryning (fajr) og skyming (maghrib).

Innan den gamle religionen mithraisme var Cautes og Cautopates tvillingar og fakkelberarar som mellom anna stod for overgangen mellom lys og mørke. I vedisk hinduisme var Usjas gudinne for morgongryet og Dåsjas for skyminga; i dagens hinduisme er Dåsjas erstatta av Sandhya, som er det personleggjorte tussmørket.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Fargespelet ved overgangen mellom natt og dag er blitt prøvd fanga av ei rekke kunstmålarar og fotografar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tussmørker