Tutankhamon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tutankhamon si dødsmaske i gull.
Skulptur av solguden Amon, truleg med Tutankhamon som modell.

Tutankhamon var ein farao under det attande dynastiet i Egypt, frå om lag 1334 til 1325 f.Kr. Han er blitt særleg kjend i ettertida for det rike gravfunnet sitt. Grava hans i Kongedalen, som blei funnen i 1922, er den best bevarte gammalegyptiske grava ein har funne. Han var også ein av få faraoar dyrka som ein gud medan han levde.

Tutankhamon blei farao tidleg og døydde ung under uklare omstende. Under regjeringstida si avskaffa han atonismen, den strengt monoteistiske religionen som var blitt innført av Akhenaton.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det er uklart kven som var foreldra til Tutankhamon. Ein tidleg teori sa at han var son av Amenhotep III og dronningkona Tiye. Tiye som mor blei seinare rekna som usannsynleg ettersom ho var over femti år då han blei fødd. Amenhotep er fortsatt ein mogleg far, men ein vanlegare teori er at sonen hans, Amenhotep IV eller Akhenaton, var far til Tutankhamon. Ei dronning av låg rang, Kiya, er ei mogleg mor.

Smenkhkare, som var farao etter Akhenaton og før Tutankhamon, kan òg ha vore faren hans. Eit mogleg prov på dette er at Akhenaton valde ei kongeleg kvinne, Neferneferuaten, som medregent og etterfølgar, noko han truleg ikkje ville ha gjort om han hadde ein mannleg arving. Meritaten, ei dotter av Akhenaton, skal då ha vore mora.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Som prins heitte han Tutankwhaton eller Tutankhaton, 'det levande bildet av Aton'. Dette blei seinare endra til Tutankhamon, 'det levande bildet av Amon'. Namnet kunne også skrivast Amon-tut-ankh, ettersom det var vanleg å skriva den heilagaste namnedelen først.

Då Tutankhamon blei farao tok han også tilnamnet Nebkheperure, 'herre over formene til Re'. Namnet kan også ha hatt forma Nibhurrereya, som er nemnd i Amarnabreva.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Tutankhamon får blomar av Ankhesenamon. Motiv frå gravskrin frå grava hans.

Tutankhamon blei konge som niåring og var avhengig av rådgjevarar som visiren Ai, general Horemheb og skattmeisteren Maia.

Tutankhamon gifta seg med Ankhesenpaaton som han var i slekt med, moglegvis så nært som tante eller halvsøster. Ho fekk seinare det nye namnet Ankhesenamon. Dei fekk truleg to jentebarn som døydde tidleg (eller var dødfødde) og blei lagde i grava til Tutankhamon.

Død[endre | endre wikiteksten]

Ai utfører munnopningsritualet på mumien til Tutankhamon. Bilde frå gravkammeret.

Det er uklart korleis Tutankhamon døydde. Ein teori går ut på at han blei drepen, gjerne ved eit slag mot hovudet, ein annan at han døydde etter eit fall. Mumien hans er blitt røntgenundersøkt fleire gonger. Her fann ein eit hol i skallen hans og eit knekt bein som anten kan ha vore årsak til døden hans (gjennom koldbrann), eller kan ha blitt påført under mumifiseringa.

Undersøkingane viste og at faraoen hadde ein noko forlenga skalle, som ein også har sett i bilete av Akhenaten. Faraoen hadde også ei bøygd ryggrad (skoliose) og mildt hareskår, kjenneteikn på Klippel-Feil-syndromet. Den ukjende mumien i kongedalsgrava KV55 hadde også alle desse kjenneteikna, og kan ha vore faren hans.

Gravfunnet[endre | endre wikiteksten]

Tutankhamon si grav, KV62, blei funnen av ei britisk gruppe leia av Howard Carter og Lord Carnarvon i 1922. Funnet av dei urørte leivningane og skattane var ein sensasjon verda over. Innanfor nitten gravskrin fann dei ein sarkofag som igjen gøymde tre kister, den inste i massivt gull. Liket var mumifisert med harpiks og fleire væsker, innsurra i lin, og bar ei gullmaske.

Skattane frå grava er blitt stilt ut fleire gonger. Museumsturneen «Treasures of Tutankhamun», halden frå 1972 til 1979, blei godt kjend og besøkt. Då utstillinga først blei vist i British Museum kom over 1,6 millionar for å sjå henne, det høgaste talet på noka utstilling ved museet. Køane kunne vara i opptil åtte timar. Seinare vitja utstillinga Canada, Frankrike, Japan, Sovjetunionen og Vest-Tyskland, og til slutt USA, der over 8 millionar så henne ved Metropolitan Museum of Art.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tutankhamon