Tuvinsk
| Tuvinsk (Тыва дыл) |
||
| Klassifisering: | Altaiske språk tyrkiske nordtyrkisk tuvinsk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Russland | |
| Område: | Tyva | |
| Tuvinsktalande i alt: | om lag 270 000 | |
| Rangering: | Ikkje topp-100 | |
| Skriftsystem: | Kyrillisk alfabet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2: | tyv | |
| ISO 639-3: | tyv | |
Tuvinsk (kyrillisk Тыва дыл, Tyva dyl eller Tıva dıl) er eit nordtyrkisk språk som vert snakka av omkring 253 700 tuvinarar i Russland (ved folketeljinga i 2010),[1] hovudsakleg i republikken Tuva i sør i sentrale Sibir dessutan av om lag 27 000 i Mongolia og Kina. Språket har lånt eit stort antal røter frå mongolsk og eit fåtal ord frå russisk.
Tuvinsk kan delast inn i fleire dialekter, og skilnadane på dei er relativt store. Blant desse kan ein nemne tozja, vestleg tuva, erzin, kungurtuch med fleire.
Ortografi [endre]
Språket sitt fyrste skriftsystem, ein variant av det latinske alfabetet med nokre spesialteikn for å spegle tuvinsk sin lyd, vart oppfunne av den tuvinske buddhistmunken Mongusj Lopsan-Tjimit i byrjinga på 1930-talet. Det latinska alfabetet vart i 1941 erstatta med ein variant av det kyrilliske alfabetet som utover det russiske kyrilliske alfabetet inneheld bokstavane Ңң ('ng'; [ŋ]), Өө ('ö'; [ø]) og Үү ('ü'; [y]). Etter Sovjetunionen sitt fall har det vokse opp ei viss interesse for å igjeninnføre det latinske alfabetet.
Fotnotar [endre]
- ↑ Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010
|
|
|
|---|---|
| Tsjuvasjisk | tsjuvasjisk |
| Sørtyrkiske språk | khalajisk · gagausisk · tyrkisk · krimtyrkisk · turkmensk · aserbajdsjansk · quashkaisk |
| Austtyrkiske språk | uigurisk · usbekisk · salarisk |
| Vesttyrkiske språk | basjkirsk · karatsjaiisk · karaimsk · kumyksk · tatarisk · barabask · krimtatarisk |
| Sentraltyrkiske språk | nogaisk · karakalpakisk · kasakhisk · kirgisisk |
| Nordtyrkiske språk | jakutisk · dolgansk · khakassisk · altaisk · salarsk · nordaltaisk · tsjulymsk · sjorisk · tuvinsk · karagassisk |