Tverrband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tverrbanda på ein gitar er parallelle med fingrane som pressar ned strengane.

Tverrband er tversliggjande opphøgde strukturar på gripebrettet av strengeinstrument som gjer det lettare å treffe presise tonehøgder. Det finst fleire ulike typar tverrband:

  1. Flyttbare tverrband av tarm- eller nylonstrenger: Desse blir knytte kring halsen på instrumentet. Slike tverrband finst på lutt, teorbe, chitarrone, vihuela, barokkgitar, gambe og violone (kontrabassgambe), og vart tidlegare òg ofte nytta på kontrabass.
  2. Flyttbare tverrband av metall. Desse finst særleg på nordindiske musikkinstrument som sitar.
  3. Faste tverrband av tre. Desse finst til dømes på det norske folkemusikkinstrumentet langeleik.
  4. Faste ikkje-innfelte tverrband av metall. Desse finst til dømes på det sørindiske instrumentet vina.
  5. Faste innfelte tverrband av metall. Desse er innfelte i gripebrettet og kan ikkje flyttast. Faste tverrband av metall finst på romantisk og moderne gitar, mandolin, svensk lutt, elektrisk gitar og bassgitar (el-bass).

Elektriske klimpreinstrument som ikkje har tverrband blir ofte karakteriserte som fretless.