Tviskjeggveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tviskjeggveronika


Tviskjeggveronika. Fotografi: Kjetil Lenes
Tviskjeggveronika. Fotografi: Kjetil Lenes

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Scrohulariaceae
Slekt: Veronica Veronika
Art: V. chamaedrys
Vitskapleg namn
Veronica chamaedrys

Tviskjeggveronika er ein urt som i Noreg er vanleg nord til Hadsel og Tromsøysund. Opp til 20 cm høg, med ei blå blomsterkrone med mørke striper, 1 cm brei. Kapselen kortare enn begeret. Planta har tviskjegga stengel med sitjande grovtagga blad. Tviskjeggveronika blomstrar i mai-juni på turr bakke og i småskog gjennom heile Noreg, men sjeldan i nord. I Jotunheimen er planta funnen opp til 1100 m.o.h. Planta er elles utbreidd i Europa og Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]