Tvisteloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tvistelova)

Tvisteloven, eigenleg Lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven) av 17. juni 2005 nr. 90 inneheld dei alminnelege reglane om rettergangsmåten i sivile saker (tvistemål). Loven erstatta tvistemålsloven frå 1915 då den blei sett i kraft 1. januar 2008.

Den nye lova legg vekt på ein meir effektiv rettsprosess i domstolane, og har mellom anna eigne reglar om sakshandsaminga av krav under kr 125 000, såkalla småkravsprosess. Målsettinga er at omfanget av prosessen skal tilpassast verdien av tvistegjenstanden. Andre viktige omsyn er at prosessen skal vere effektiv slik at partane raskt kan få ei avgjerd av saka, og at dommaren i større grad enn før skal ha ei aktiv styring i saksførebuinga.

Utvalet som utgreidde den nye lova blei leia av høgsterettsjustitiarius Tore Schei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]