Txindoki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Txindoki | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 1346 moh | |
| Ligg i/på | Gipuzkoa |
|
| Fjellkjede | Baskarfjella, Aralar | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Lettaste rute | Frå Larraitz i Abaltzisketa | |
Txindoki eller Larrunarri er eit fjell på 1346 meter over havet i Goierri i Gipuzkoa, i regionen Baskarland i Spania. Fjellet vert stundom kalla «Baskarland sitt svar på Matterhorn» på grunn av pyramideforma.
Fjellet ligg heilt vest i Aralar-fjella og er eit symbol for Goierridalen. Det tårnande fjellet ligg nord for byen Amezketa. Den bratte nordsida og Muitzedalen er dei villaste delane av Txindoki. Nord- og sørsida er tydeleg avgrensa av ein kalksteinsrygg som går frå aust til vest over toppen. Dei bratte sidene av ryggen er populære hos fjellklatrarar.