Ty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ty og Fenresulven, av John Bauer.

Ty er ein krigsgud frå den norrøne gudelæra. Han rådde over kven som skulle vinna i strid. Truleg er han gud for rettferd og tingskipnaden. Han er i tillegg gud for kveg. I eldre tid kan Ty ha hatt vørdnaden til Odin, som guden over alle gudar.

I Snorre si den yngre Edda kan ein lesa at då æsene skulle binda Fenresulven, kravde ulven at nokon la handa si i munnen til ulven. Fenresulven var stor og sterk og avskrekkande, til og med for dei modige æsene.

Berre Ty hadde mot til å møta kravet. Han la høgrehanda si i ulvekjeften. Lekkja heldt Fenresulven fast, og æsene nekta å sleppa han fri. Ty var etter dette einhendt. Ty var kjend for å vera den einaste som torde å mata Fenresulven.

Ty har ei rolle i Hymeskvadet i den eldre Edda. Ty hjelper Tor med å skaffa eit bryggjekar som er stort nok til at det kan bryggjast øl til alle gudane i ein omgang.

I den yngre Edda er Ty son av Odin. I Hymeskvadet er han son av jotnen Hyme.

Ty døyr under Ragnarok, då han kjempar mot hunden Garm, vaktarhunden framfor Helheim. Dei to tek livet av kvarandre.

Tysdagen er oppkalla etter guden Ty. Det same er Tysnes. På latin er tysdag krigsguden Mars sin dag, Martis dies.

Namn på Ty[endre | endre wikiteksten]