Tycho Brahe Planetarium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tycho Brahe Planetarium

Tycho Brahe Planetarium ligg i København, ved den søre enden av Skt. Jørgens Sø. Det er oppkalla etter den danske astronomen Tycho Brahe.

Bygningen er teikna av arkitekt Knud Munk. Grunnsteinen vart lagd 22. februar 1988, og 1. november 1989 vart planetariet opna for publikum.

Planetariet har ein IMAX-projektor og ein stjerneprojektor, som kan vise meir enn 4000 stjerner samtidig for opp til 240 vitjarar. Det har også ei rekkje projektorar som viser Jorda, Sola og planetane. I tillegg til vising av IMAX-film og stjernehimmelen, arrangerer ein også 3D-framsyningar, computergrafikk og andre visuelle framsyningar, som dreg nytte av det 823 kvadratmeter store lerretet.

Planetariet har også ei permanent utstilling om astronomi og romforsking.

4 gonger om året gjev planetariet ut tidsskriftet Aktuel Astronomi, som inneheld nyheiter om astronomi og romforsking.

Planetariet er ein stor turistattraksjon i København, og allereie i april 1991 hadde det hatt over 1 000 000 gjester samanlagt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]