Tyin-Filefjell skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tyin-Filefjell skisenter er eit skisenter som ligg på Snaufjellet i Vang kommune i Valdres. Anlegget har 5 heisar og 14 nedfartar med ulik vanskegrad (8 grøne, 3 blå, 2 raude og 1 svart). Området ved skisenteret strekker seg frå 830 til 1282 moh., og har om lag 17 km med nedoverbakke totalt.[1] Høgda over havet sørger for ein lang og stabil vintersesong.

Skisenteret har utleige av ski, skiskule og serveringsstader. Frå toppstasjonen av skiheisen kan ein sjå 35 fjelltoppar på over 2000 meter, av dei ligg 15 toppar i Vang kommune.[2] Tyin-Filefjell skisenter opna for fyrste gong i 1972.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tyin-Filefjell Skisenter». Valdres.no. Henta 22. januar 2014. 
  2. «Informasjon om Tyin-Filefjell Skisenter». skiinfo.no. Henta 22. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]