Tylft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei tylft, som i norrønt tylft, 'tolv', er ei mengd på tolv stykke. Tylfter vart tidlegare bruka ved teljing av tømmerstokkar og trelast.

For å hjelpe på teljinga, kunne ein teikne strekar og prikkar i eit visst mønster, som når ein kom til 12 danna ein figur som såg ut som eit hus. Ei tylft var da ”fullt hus”.

Eit dusin, av fransk douze,'tolv', tyder det same, men har vore bruka i andre samanhenger.