Tymfristós
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tymfristós (Veloúkhi) Τυμφρηστός (Βελούχι) |
|
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 2 315 moh. |
| Ligg i/på | Evrytanía og Fthiótida i Hellas |
| Fjellkjede | Píndos |
Tymfristós (gresk Τυμφρηστός) eller Veloúkhi (gresk Βελούχι) er eit fjell aust i periferieinininga Evrytanía og vest i Fthiótida. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 2 315 moh. Det er om lag 30 km langt og 15-20 km breitt. Elva Sperkhiós renn aust for fjellet og Mégdovas renn vest for.
Frå toppen kan ein sjå dei nærliggande fjellkjedene Vardoúsia i sør og Panetolikó i sørvest.
Nærliggande stader [endre]
- Ájos Jeórjos Tymfristoú, aust
- Tymfristós, søraust
- Karpenísi, sørvest
- Domianí, nordvest
- Ajía Triáda, nord
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tymfristos frå Engelsk Wikipedia .