Tynnsjiktkromatografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Tynnsjiktskromatografi av svart blekk.

Tynnsjiktskromatografi (engelsk thin layer chromatography, TLC) er ein sensitiv, rask, enkel og billeg analytisk metode. Den stasjonære fasen er normalt ein polar, fast adsorbent, og den mobile fasen kan vere eit enkelt løysemiddel eller ei blanding av fleire løysemiddel.[1]

Bruk av TLC[endre | endre wikiteksten]

1. Til å bestemme talet komponentar i ei blanding. TLC er ein rask og enkel metode for å analysere reaksjonsblandingar, ekstrakt frå plantesubstansar eller innhaldet i tablettar. Å vite talet og relative mengder av komponentane hjelper med å planlegge vidare analytiske og separasjons steg.

2. Å identifisere substansar. Viss to substansar prikka på same TLC plate går like langt, so kan desse substansane vere identiske. Viss posisjonane på prøvane er ulike so er det ikkje same substansen. Det er mogleg for to eller fleire relativt like, men ikkje identiske sambindingar å gå like langt på ei TLC plate. Endringar i den stasjonære eller den mobile fasen vil normalt påverke deira separasjon.

3. Til å overvake progresjonen til ein reaksjon. Ved å ta prøver med jamne intervall so er det mogleg å sjå at reaktantane forsvinn og at produkta blir danna ved å bruke TLC. Slik kan ein sjå korleis endringar i variablar som temperatur, konsentrajson og løysemiddlar påverkar reaksjonen utan at ein må isolere produktet.

4. Bestemme kor effektiv reinsinga er. Effektiviteten til destillasjon, krystallisering, ekstraksjon og andre separasjons og reinsings metodar kan bli overvaka ved bruk av TLC, med atterhald om at ein prikk ikkje garanterer ein enkelt substans.

5. Til å bestemme hensiktsmessige forhold for kolonne kromatografisk separasjon. Generelt er ikkje TLC ein tilfredstillande metode for reinsing og isolering av makroskopiske mengder av materialer, men adsorbenten som er mest brukt for TLC blir og brukt for kolonne kromatografi. Den rette adsorbenten og løysemiddelet for kolonne kromatografi kan raskt blir bestemd med TLC.

6. Overvake kolonne kromatografi Når kolonne kromatografi blir utført blir løysemiddelet samla i fleire mindre flasker. Viss ønskte produkt ikkje er farga, so må dei ulike fraksjonane blir analysert slik at ein kan identifisere kva fraksjon som har dei ønskte sambindingane. TLC er ein rask og effektiv metode for å gjere dette.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Macroscale and microscale organic experiments, 5. utg., K.L. Williamson, R.D. Minard, K.M. Maters, s. 172-173