Tyrihjelm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aconitum septentrionale.jpg

Tyrihjelm (lat. Aconitum septentrionale; gresk Aconite ssp. lycoctonum) er ein plante i soleiefamilien som veks vilt i Noreg.

Det greske namnet tydar ulvemord, og tyrihjelm har frå gammal tid vorte brukt til å forgifta åte som vart lagt ut til ulven. Planten har òg vorte kalla Nordens arsenikk. Dette skuldast truleg at han har vorte brukt til å ta livet av meir enn ulv. Avkok av tyrihjelm har vore mykje nytta som flugegift og som middel mot skabb og lus.

Namnet tyrihjelm, med variantar som turull, torrolm, tørælm osb., medar truleg på at blada liknar tverrstykket på ein tyrill, som er kjernestaven som vart brukt i ei stavkjerne, ein strokk, og at blomen kan minne om ein hjelm eller ein hatt - jamfør lushatt, som er eit anna vanleg namn på same planten - lus- kjem av at avkok vart brukt til å vaske krøtter med for å bli kvitt lus. Namnet torhjelm er ein litterær folkeetymologi; noko samband med guden Tor / Þórr er ikkje kjent.

Litteratur: Nordhagen, Rolf, 1951: "Lushatt og tyrihjelm; de botaniske motiver i nordiske navn på Aconitum septentrionale". Norveg 1. 78-254. Høeg, Ove Arbo, 1974: Planter og tradisjon. Floraen i levende tale og tradisjon i Norge 1925-1973. Oslo: Universitetsforlaget, s. 172 ff. Hesselman, Bengt, 1924: "Växtnamnet törel". Nysvenska studier. Tidskrift för svensk stil- och språkforskning. 260-70.


[endre] Utsjånad

Planten har rette stenglar som er kledd med kjertelhår. Blada er flikete. Tyrihjelm blomstrar i juli-august. Blomstrane er vanlegvis lilla, men kan vera kvite.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tyrihjelm
Palme Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk