Tyrkardue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyrkardue

Status i verda: LC Livskraftig

Collared.dove.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbinae
Slekt: Streptopelia
Art: S. decaocto
Vitskapleg namn
Streptopelia decaocto
Streptopelia decaocto

Tyrkardue er ein fugleart i duefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Tyrkardua er ei lita due, totallengda er 28 cm. Fuglen er grå med mørkare rygg og ein blågrå flekk på venga. Halefjørene er kvite i spissane. Frå nakke og halvvegs fram på halsen har fuglen eit svart band omgjeve av smalare kvite band. Dei korte beina er raude. Nebben og auga er svarte.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Sangen er eit monotont kookoo, koo.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten si utbreiing var opphavleg avgrensa til delar av Asia med India som kjerneområde. Derifrå spreidde fuglen seg både austover og vestover. Fuglane nådde Midt-Austen på 1500- talet. Det kan tenkast at introduksjon frå menneske kan ha medverka til framrykkinga. Det er heilt klart at det var menneske som førte arten til Japan. Kring 1930 hekka fuglane over store delar av Balkan og så vidt i Ungarn. Seinare spreidde fuglane seg utover i Europa, først i nordvestleg retning. Arten etablerte seg i Austerrike i 1938, i Tyskland i 1945, i Danmark i 1948, i Frankrike i 1950, og på Island i 1964. Gjennom 1970-åra etablerte arten seg i Spania, Portugal og Egypt, seinare byrja fuglane å invadere Ukraina, Russland og Kviterussland. Kring 1990 nådde arten også Nord-Amerika.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Tyrkardua vart først observert på Dovre i Oppland i 1949. Hekking vart påvist i Moss og Oslo i 1952, og i Stavanger i 1955. Arten rykte for alvor fram på 1960-talet og etablerte seg over store delar av Sør-Noreg. I siste halvdel av dette tiåret vart Trøndelag og Nordland kolonisert. Talet på fuglar heldt fram med å vekse, men spreiinga gjekk ikkje like raskt vidare nordover. Truleg hekka fuglen i Troms på 1970-talet, og på 1980-talet var der ein hekkebestand som nesten gjekk ut etter to kalde vintrar. Etter 1990-talet har tyrkardua hatt ein liten tilbakegang. Fuglen er ein utprega kulturfugl, og hekker i vår verdsdel i hagar, parkar og gravlundar i byar og tettstader, dessutan ved gardsbruk. Telefonstolpar, leidningar, fjernsynsantenner, hustak og skorsteinar vert ofte nytta som kvilestadar.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Om sommaren et fuglen mange typar frø, bær og urter, og av og til et fuglen også blautdyr og insekt. I tillegg et tyrkardua korn i kornåkrar.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er tyrkardua for det meste standfugl. Om vinteren finn ho maten nær menneske . I byane samlar fuglane seg nær kornlager og foringsplassar for ender og byduer, medan dei i meir landlege strok overlever på ulik typar husdyr- og fuglefor. Tyrkardua er hardfør, og toler temperarturar ned mot 40 minusgrader. Største problemet om vinteren er store snømengder som hindrar mattilgangen, også på foringsplassar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]