Tyrkisk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyrkisk geografi
Turkey topo.jpg
Plassering
Land Tyrkia
Koordinatar 39°N 35°EKoordinatar: 39°N 35°E
Totale landegrenser 2 648 km
Grenseland Armenia 268 km, Aserbajdsjan 9 km, Bulgaria 240 km, Georgia 252 km, Hellas 206 km, Iran 499 km, Irak 352 km, Syria 822 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

783 562 km²
770 760 km²
9 820 km²
Kystlinje 7 200 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Ararat 5 137 moh
Middelhavet 0 moh
Lengste elv Kızılırmak, 50 km
Største innsjø Vansjøen, 3755 km²
Arealbruk
Dyrkbar mark 30 %
Permanente avlingar 4 %
Permanente beitemarker 16
Skogområde 26
Anna 24 % (2005 est)
Irrigert land 52 150 km² (2003 est)
Naturressursar
kol, jernmalm, kopar, krom, antimon, kvikksølv, gull, kalkstein, marmor, leire, vasskraft
Naturfarar
Særs kraftige jordskjelv, særleg i Nord-Tyrkia
Miljøproblem
Vassforureining frå dumping av kjemiske stoff og vaskemiddel; luftforureining, særleg i byområde; avskoging; uro for oljesøl frå skipstrafikk i Bosporos
Tyrkisk geografi - Kart over Tyrkia
Kart over Tyrkia

Tyrkia ligg på Anatolia og Balkan og grensa til Svartehavet mellom Bulgaria og Georgia, og Egearhavet og Middelhavet, mellom Hellas og Syria. Dei geografiske koordinatane til landet er 39°00′N 35°00′E

Tyrkia har eit areal på 783 562 km²;[1] der landarealet er 770 760 km² og vassarealet er 9 820 km². Tyrkia strekkjer seg meir enn 1600 km frå vest til aust, men generelt mindre enn 800 km frå nord til sør. 756 816 km² av landet ligg i Asia og 23 764 km² i Europa (Thrakí).

Anatolia (tyrkis Anadolu) er ei stor, nesten rektangulær halvøy som ligg som ei bru mellom Europa og Asia. Den anatoliske delen av Tyrkia utgjer 97 % av arealet til landet. Dette vert òg kalla Vesleasia, Asiatisk Tyrkia eller Det anatoliske platået. Uttrykket Anatolia vert oftast nytta når ein talar om det store, halvtørre sentralplatået som er omgjeve av åsar og fjell som mange stader grensa til frodige, tett busette kystområde.

Den europeiske delen av Tyrkia, kjend som Aust-Thraki (tyrkisk Trakya), utgjer 3% av arealet til landet, men meir enn 10 % av den totale folkesetnaden bur her. Istanbul, den største byen i Europa og Tyrkia, har 11&nsbp;372&nsbp;613 innbyggjarar. Thraki er skild frå den asiatiske delen av Tyrkia med Bosporos (tyrkisk İstanbul Boğazı), Marmarahavet (tyrkisk Marmara Denizi), og Dardanellane (tyrkisk Çanakkale Boğazı).

Ytre grenser[endre | endre wikiteksten]

Den totale landgrensa til Tyrkia er 2627 km og grenselanda er Hellas 206 km, Bulgaria 240 km, Georgia 252 km, Armenia 268 km, Nakhtsjivan (Aserbajdsjan) 9 km, Iran 499 km, Irak 331 km og Syria 822 km.

Tyrkia har ei 7200 km lang kystlinje. Tyrkia har berre ein eksklusiv økonomisk sone i Svartehavet. Territorialfarvatnet er 6 nautiske mil i Egearhavet og 12 nautiske mil i Svartehavet og Middelhavet. Tyrkia er omgjeve av vatn på tre sider og verna av høge fjell i aust, så landet har generelt veldefinerte naturlege grenser. Dei noverande landegrensene vart sett tidleg på 1900-talet og har vore stabile sidan.

Grensa med Hellas vart stadfesta med freden i Lausanne i 1923, som løyste den langvarige striden om områda i Thraki og førte til ei folkeutvekskling etter den tyrkiske sjølvstendekrigen. Med denne avtalen vart store gresktalande samfunn i Vest-Tyrkia tvungen til å flytte til Hellas, medan mesteparten av dei tyrkisk-talande innbyggjarane i Thraki, som ikkje alt var tvungen bort under Balkankrigane, måtte flytte til Tyrkia. Grensa mot Bulgaria vart stadfesta i same avtalen.

Sidan 1991 har den meir enn 500 km lange grensa mot det tidlegare Sovjetunionen, som vart definert i 1921 med Moskva- og Kars-traktaten danna grensa mot dei sjølvstendige landa Armenia, Aserbajdsjan og Georgia.

Grensa med Iran vart stadfesta i Kasr-i Sirin-traktaten i 1638.

Grensa mot Irak vart stadfesta med Angora-traktaten (Ankara) i 1926. Dei to sørlege nabolanda til Tyrkia, Irak og Syria, hadde vore ein del av Det osmanske riket fram til 1918. I følgje vilkåra i Lausanne-traktaten, som hadde vorte organisert av Folkeforbundet, måtte Tyrkia avstå alle krava sine på desse to landa.

Tyrkia si grense med Syria har aldri vorte akseptert av Syria. Som følgje av freden i Lausanne, vart den osmanske sanjaken (provinsen) Alexandretta (dagens provinsen Hatay) avstått til Frankrike, som styrte området på vegne av Folkeforbundet. I juni 1929 hadde folket i Hatay danna ein ny sjølvstendig stat, og like etter stemnde parlamentet om å slå seg saman med Tyrkia. Sidan Syria fekk sjølvstende i 1946 har denne saka fortsett å vere eit irritasjonsmoment i forholdet mellom Syria og Tyrkia.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Det varierte landskapet til Tyrkia er produktet av ei rekkje tektoniske prosessar som har forma Anatolia over millionar av år og som held fram i dag, noko som ein kan sjå ved hyppige jordskjelv og sporadiske vulkanske utbrot. Bortsedd frå ein relativt liten del av territoriet langs grensa til Syria, som er eit framhald av det arabiske platået, er Tyrkia geologisk sett ein del av det store alpine belte som strekkjer seg frå Atlanterhavet til Himalayafjella. Dette beltet vart danna i løpet av tertiærtida (ca 65 millionar til 1,6 millionar f.Kr), då den arabiske, afrikanske og indiske kontinentalsokkelen byrja å kollidere med den eurasiske plata. Denne prosessen er framleis pågåande i dag når den afrikanske plata konvergerer med den eurasiske plata og den anatoliske plata glir mot vest og sørvest langs forkastingane. Som eit resultat av dette ligg Tyrkia i ein av dei mest aktive seismologiske regionane i verda.

Topografisk kart over Tyrkia

Jordskjelva som råka Tyrkia i dag varierer frå knapt påviselege skjelv til store rørsler som måler fem eller høgare på Richterskalaen. Det mest alvorlege jordskjelvet til Tyrkia på 1900-talet skjedde i Erzincan om natta mellom 28. og 29. desember 1939; det øydela det meste av byen og gjorde at rundt 160 000 mista livet. Jordskjelv av moderat intensitet fortset ofte med sporadiske etterskjelv over periodar på fleire dagar eller til og med veker. Den mest jordskjelvutsette delen av Tyrkia er eit bogeforma område som strekkjer seg frå området i nærleiken av Kocaeli til området nord for Vansjøen på grensa til Armenia og Georgia.

Terrenget i Tyrkia er strukturelt komplekst. Eit sentralt massiv framstår som eit platå med ujamt terreng, klemt mellom to fjellkjeder som kjem saman i aust. Låglandet er avgrensa til Ergenesletta i Thrakia, som strekkjer seg langs elver som renn inn i Egearhavet eller i Marmarahavet, og til eit par smale kyststrimler langs Svartehavs- og Middelhavkysten.

Nesten 85% av landet har ei høgd på minst 450 meter; snittet er 1128 meter. Meir enn 80% av overflata av landet er ujamn og dominert av fjell, og difor av avgrensa verd for landbruksformål. Terrenget er spesielt røft i den austlege delen av landet, der to fjellkjeder kjem saman i ein oppløfta region med ein snitthøgd på meir enn 1500 meter, som når det høgaste punktet sitt langs grensene mot Armenia, Aserbajdsjan og Iran. Det høgaste punktet i Tyrkia er fjellet Ararat (Agri Dåğı) – 5137 meter høgt – som ligg i nærleiken av punktet der grensene mellom dei fire landa møtest.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Konya

Tyrkia har eit ganske så variert klima, frå bitande kulde til steikande varme. Det kuperte terrenget langs kysten i vest og i sør har middelhavsklima, og her kjem det så godt som ingen nedbør frå juni til september, medan det kan bli nokså vått om vinteren. På kysten frå Izmir via Antalya til Mersin er den normale maksimumstemperaturen 35 °C, medan den om vinteren er om lag 12 °C. Izmir har ein årleg nedbørsnormal på 652 mm, der berre 20 mm kjem frå juni til august.

Anatolia, har eit tørt kontinentalt steppeklima med kalde vintrar og varme og tørre somrar. Torevêr har ein som oftast seint på våren. Frå juli av kjem det om lag ingen nedbør før i september. Vinteren er òg snørik. Sidan Antaolia er så pass tørr har ein ofte store temperatursvingingar her. Berre i august har Ankara hatt temperaturar på både 4 °C og over 35 °C. Ankara har ein normal årsnedbør 415 mm.

Låglandet som grensar mot Syria og Irak er litt varmare enn resten av Anatolia, og temperaturane midtsomars kjem ofte over 38-40 °C i Diyarbakir ved den øvre delen av Tigris.

Fjellområdet i den nordaustlege delen av Tyrkia, der fleire av byane ligg over 1500 m over havet, er ofte svært kalde om vinteren. Både Kars og Erzurum ligg godt under 0 °C i januar. Vêret skiftar derimot mellom sol og snø, og snødekket aukar jamt og trutt gjennom vinteren. Etter torebyene har gjeve seg om våren, får det nordaustlege området behagelege temperaturar på dagtid, med kjølige netter. Kars har ein årleg nedbørsnormal på 521 mm.

Langs Svartehavet, inkludert Bosporos og Istanbul, finn ein eit litt anna klima igjen. Dette er Tyrkia sitt mest skya og tempererte område. Klima er maritimt. Kalde luftmassar frå Europa og Asia tar til seg fukt og varme frå Svartehavet, så vintrane her er kjølige med ein del regn. Enkelte veker kan nedbøren falle som snø, men temperaturane vert sjeldan så låge som i innlandet. På sommaren kjem berre enkelte regnbyer, og dagane her er berre litt varmare enn dei milde og fuktige nettene. Regnet om hausten startar som regel litt tidlegare på hausten når ein flyttar seg til den austlege enden av Svartehavskysten. Rize har ein normal årsnedbør på 2545 mm, medan Istanbul har 816 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tyrkisk geografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UN Demographic Yearbook, accessed April 16, 2007