Tyrrellhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tyrrellhavet er eit anna namn på den førhistoriske utgåva av Hudsonbukta som eksisterte då isen smelta etter den siste istida. Det er kalla opp etter den kanadiske geologen Joseph Tyrrell.

For om lag ti tusen år sidan trekte isen over Canada seg tilbake og jordflata som til då hadde vorte pressa 270-280 meter ned av den tunge isen på overflata var i ferd med å heve seg igjen. Denne prossessen går derimot tregt og medan landflata enno var pressa ned, strøymde havet inn over området og danna Tyrrellhavet, som då var mykje større enn dagens Hudsonbukta.[1] Enkelte starder var kystlinja 100-250 km lenger inn enn i dag.

Etter kart som landhevinga tok til minka havområdet og vart til slutt til slik Hudsonbukta ser ut i dag. Dette finst ikkje noko klår overgang frå Tyrrellhavet til Hudsonbukta, og Hudsbukta krympar framleis som følgje av landhevinga.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://pubs.nrc-cnrc.gc.ca/rp/rppdf/e02-085.pdf
  2. Pielou, E.C. After the Ice Age. Chicago: University of Chicago Press, 1991.