Tysk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tysk (fleirtyding).
Tysk
(Deutsch)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Tysk
Talarar: Tyskarar
Bruk
Tala i: Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Austria.svg Austerrike
Flag of Switzerland.svg Sveits
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg
Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein
Flag of France.svg Frankrike
Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of Hungary.svg Ungarn
Flag of Italy.svg Italia
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Flag of Poland.svg Polen
Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia
Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Paraguay.svg Paraguay
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Slovakia.svg Slovakia
Område: Flagget til EU Vest-Europa
Tysktalande i alt: 120 millionar
Rangering: 10
Skriftsystem: Latinsk (tysk variant)
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flagget til Danmark Sønderjylland
Flagget til Italia Trentino-Alto Adige
Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg
Flag of Switzerland.svg Sveits
Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Austria.svg Austerrike
Flag of Europe.svg EU
Normert av: Ingen; skriftspråket blir regulert av Rat für deutsche Rechtschreibung
Språkkodar
ISO 639-1: de
ISO 639-2: ger
deu
ISO 639-3: deu
Wikipedia på tysk

Tysk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, saman med mellom andre engelsk og dei skandinaviske språka.

Det som til vanleg blir kalla tysk, er høgtysk, i motsetning til lågtysk. Lågtysk eller nedertysk blir framleis tala av mange menneske i dei nordlege delane av Tyskland, men færre enn før. Nederlandsk kan seiast å vere ei form for lågtysk. Lågtysk har hatt stor påverknad på dei skandinaviske språka, ikkje minst norsk, på grunn av mykje samband i sjøfart og handel tidlegare. Eit nærskyld språk som også finst i Nord-Tyskland og Nederland, er frisisk, som blir sagt å liggje ein plass mellom tysk og engelsk.

Geografisk område[endre | endre wikiteksten]

Tysk blir i hovudsak tala i desse landa: Tyskland, Austerrike, Sveits og Luxemburg. Tysk vert au nytta i Oppeln-regionen i Polen, delar av Belgia og Romania, Sør-Tirol i Italia og Elsass i Frankrike. I tillegg vert tysk tala i fleire tidlegare koloniar av desse landa. Til dømes Namibia (tidlegare Tysk Sørvest-Afrika) der mange er tyskspråklege. I mange aust-europeiske land, inkludert Russland, Ungarn og Slovenia er det fleire tyskspråklege minoritetar. I Amerika vert tysk mest nytta i USA. Om lag 125 millionar menneske har tysk som morsmål, og fleire hundre millionar snakkar det som framandspråk. Tysk er det tredje mest populære framandspråket på verdsbasis, og det nest mest populære i Europa, USA og Aust-Asia (Japan). Det er eit av de offisielle språka i EU.

Tysk var tradisjonelt det fyrste framandspråket i Noreg, og det viktigaste akademiske språket. Etter den andre verdskrigen har tysk fått sterk konkurranse av engelsk. Det er i dag det nest mest populære framandspråket, etter engelsk språk. Mange nordmenn lærer tysk på skulen.

Ei form for tysk språk som tidlegare var utbreidd i store delar av Europa, er jiddisch (yidish), daglegspråket til mange askenasiske jødar. Jiddisch sprang ut av mellomalderhøgtysk språk.


Historiske lydendringar[endre | endre wikiteksten]

Det som er ein av dei tydelegaste skilnadene mellom høgtysk og dei andre germanske språka er den andre tyske lydforskyvinga. For om lag 1000 år sia skjedde det ei endring av 't' til 's' mange stader, spesielt blei 't' ofte omgjort til dobbel 's'. Døme på ord er:

Høgtysk Nederlandsk Engelsk Norsk
Weiß Wit White Kvit
Wasser Water Water Vatn
Straße Straat Street Strete

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Tysk er eit flekterande språk, dvs. dei grammatiske tilhøva mellom orda blir i relativt stor grad uttrykt med hjelp av suffiks og andre morfologiske prosessar.

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Numerus[endre | endre wikiteksten]

Tysk skil mellom eintal og fleirtal for substantiv, adjektiv og pronomen.

Genus[endre | endre wikiteksten]

Tysk har tre genera, maskulinum, femininum og nøytrum.

Genussystemet i tysk har ein biologisk basis, slik at der Mann, der Ochs er maskuline og die Frau, die Kuh er feminine. Det finst mange unntak frå denne regelen. Det mest kjende er substantivet das Mädchen, som tyder ‘jenta’. I dette fallet kjem ordet inn under ein annan regel, som seier at ord som er danna med endinga -chen har genus nøytrum.

Kasus[endre | endre wikiteksten]

Tysk har fire kasus: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv.

Nominativ markerer at setningsleddet er subjekt eller er predikativ (predikativ ved verba sein, werden, bleiben og heißen).

Setningsleddet skal stå i akkusativ med dei verba som tek direkte objekt i akkusativ eller når leddet står som eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek akkusativ.

Setningsleddet skal stå i dativ ved indirekte objekt og ved dei verba som tek direkte objekt i dativ, eller når leddet står som eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek dativ. Setningsleddet skal også stå i dativ ved eigedomsdativ. Dette blir ofte nytta i staden for genitiv for å uttrykke eigedomstilhøve til kroppsdelar eller klesplagg. Døme: Zieh dir die Schuhe aus! (Ta av deg skoa!). Nokre viktige verb tek direkte objekt i dativ, som til dømes verba helfen og 'danken.

Setningsleddet skal stå i genitiv når det uttrykkjer eigedomstilhøve eller tilhøyrsle, eller der leddet er eit preposisjonsuttrykk (PU) med ein preposisjon som tek genitiv. På norsk blir eigedomstilhøve ofte kommunisert med ein preposisjon (bilen til Maria), med å hengje på ein -s etter eigaren (Marias bil) eller med sin-genitiven (Maria sin bil). På tysk er det vanlegare å nytte forma Der Vater des Kindes (Faren til barnet), med ved eigennamn kan ein gjerne bruke -s, slik som norsk: Marias Wagen (Marias bil).

Verb[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tyske verb.

Til liks med norsk, blir tyske verb delte inn i svake og sterke verb.

Determinativ[endre | endre wikiteksten]

Determinativar står framfor substantiv og eventuelle adjektiv eller talord, og rettar seg etter substantivet i kasus og genus.

Bestemt determinativ[endre | endre wikiteksten]

Kasus maskulinum femininum nøytrum pluralis
Nominativ der Mann die Frau das Kind die Leute
Akkusativ den Mann die Frau das Kind die Leute
Dativ dem Mann der Frau dem Kind den Leuten
Genitiv des Mannes der Frau des Kindes der Leute

Ubestemt determinativ[endre | endre wikiteksten]

Kasus maskulinum femininum nøytrum
Nominativ ein Mann eine Frau ein Kind
Akkusativ einen Mann eine Frau ein Kind
Dativ einem Mann einer Frau einem Kind
Genitiv eines Mannes einer Frau eines Kindes

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Korte døme på språket.

Ich esse Eis (presens). Ich aß Eis (preteritum). Ich habe Eis gegessen (perfektum partisipp).

Sidan tysk er eit flekterande språk, kan ein nytte kasus til å markere fuksjonen til setningsleddet, i staden for preposisjonar, slik ein ofte gjer på norsk.

A: S   V    IO(D)    DO(A)
T: Ich gebe der Frau ein Eis.

Ich er subjekt, gebe er verbal, der Frau er indirekte objekt i dativ og ein Eis er direkte objekt i akkusativ.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediatysk