Tyskebukta

Koordinatar: 54°27′14″N 7°12′50″E / 54.45389°N 7.21389°E / 54.45389; 7.21389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete over Tyskebukta, Jylland til høgre (aust)

Tyskebukta (tysk: Deutsche Bucht, dansk: Tyske Bugt, nederlandsk: Duitse Bocht, frisisk: Dútske bocht, engelsk: German Bight) er ei bukt søraust i Nordsjøen mellom Nederland og Tyskland i sør, og Danmark og Tyskland i aust (Jylland). I nord og vest ligg Doggerbank. Bukta består av Dei frisiske øyane og dei danske Vadehavsøyane. Dei frisiske øyane og dei nærliggande kystområda vert kalla Friesland. Den sørlege delen av bukta vert òg kalla Helgolandbukta.

Bukta er grunn og skrånar svakt nordover. Det største djupet er 56 meter, sørvest for Helgoland. Ei rekkje store elvar munnar ut i Tyskebukta; frå nord mot sør: Eider, Elben, Weser og Ems.

Ei av dei mest trafikkerte seglingsleiene i verda går gjennom den sørlege delen av Tyskebukta. Samstundes er mykje av kysten og dei kystnære områda verna gjennom ulike vernetiltak, til dømes fuglereservatet Östliche Deutsche Bucht og Vadehavet, som for ein stor del er nasjonalpark.

54°27′14″N 7°12′50″E / 54.45389°N 7.21389°E / 54.45389; 7.21389