Tysnes kommune
| Tysnes kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1223 |
| Fylke | Hordaland |
| Adm.senter | Uggdal |
| Areal | 255 km² |
| Folkemengd | 2 755 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Kjetil Hestad (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.tysnes.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Tysnes kommune på Commons | |
Tysnes er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Mestedelen av kommunen ligg på øya Tysnesøy, men i tillegg kjem øyane Reksteren og Skorpo og fleire andre mindre øyar.
Tysnes vart eigen kommune i 1838. Njardarlog er eit gamalt namn på Tysnes. Namnet kjem av den norrøne guden Njord.
Avisa Tysnes er lokalavis.
Høgaste fjellet på Tysnes er Tysnessåto (753 moh.)
Tysnes har ferjesamband sør- og vestover frå Hodnanes til Jektevik og Huglo i Stord kommune. Nordover går det ferje frå Våge til Halhjem i Os. Lukksund bru knyter kommunen til Fusa på fastlandet.
Her er nærare 1400 feriehus, og i høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.
Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde med toppar opp i over 750 meters høgd.
Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.
Tysnes kommune har ikkje godkjent kommunevåpen, men kommunen har nytta merket to krosslagde økser med sparre over frå midt i syttiåra.
I mellomalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.
Tysnes-meteoritten, den nest største meteoritten som er funnen i Noreg, fall ned over Tysnesøy.
Innhaldsliste |
Namnet «Tysnes» [endre]
Tysnes har hatt mange namn opp gjennom tida. Frå gammalt av vart øya kalla Njardarlog (norrønt: Njarðarlǫg). Dette namnet stammar frå guden Njord, som mellom anna var guden for vind og hav. Njardarlog kan også ha omfatta større delar av Hordaland, iallfall det som i dag vert kalla Sunnhordland.[treng kjelde] Under reformasjonen rundt 1530, vart dette namnet sett på som heidensk og endra til Tysnes. Dette var namnet på området der prestegarden låg. Det dei kanskje ikkje tenkte på, er at namnet Tysnes stammar frå Tyr, og at dette kan peika tilbake til namnet på den norrøne krigsguden, eller ein heidensk himmelgud. Desse to namna har altså parallelle utspring i heidensk mytologi før Kristus.[treng kjelde]
Sjølv om øya etter reformasjonen ikkje lenger heitte Njardarlog offisielt, var det framleis dette namnet som vart brukt på folkemunne. Utpå 1800-talet tyder kjelder på at namnet over tid hadde endra seg frå Njardarlog til Jarløy. Den lydlege utviklinga ser ut til å ha vore: Njardarlog - Jardalog - Jerlaug - Jarlo - Jarløy [2]. I den tida det var dansk administrasjonsspråk her i landet, blei namnet skrive på ulike finurlege måtar, blant anna "Gierlou Øen". I nyare tid har, etter 300-400 år, namnet Tysnes komme inn i daglegtalen til tysnesingane.[treng kjelde]
Tusenårsstad [endre]
Kommunen sin tusenårsstad er Olavsgildet på Onarheim. Asplan Viak har laga ei prosjektskildring til utforming av området og modell av området, men prosjektet er ikkje gjennomført på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen. Tusenårstreet er planta ved skolane i kommunen og ved Årbakka Handelsstad.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Tysnes kommune frå 1920:
| 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 4408 | 4379 | 4009 | 3866 | 3497 | 2910 | 2807 | 2895 | 2938 | 2779 |
Kjende tysnesingar [endre]
- Johannes Heggland, forfattar
- Ingelin Røssland, forfattar
- Claus Pavels Riis, forfattar
- Geir Austvik, fotballspelar (Sportsklubben Brann)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Tysnes kommune
- Kultur i Tysnes på kart frå Kulturnett.no
- Sunnhordland.no
- Tysnesingen.no
- Avisa Tysnes
- Tysnes sogelag
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Njardarlog
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Tysnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Hordaland | ||
|---|---|---|
| Askøy · Austevoll · Austrheim · Bergen · Bømlo · Eidfjord · Etne · Fedje · Fitjar · Fjell · Fusa · Granvin · Jondal · Kvam · Kvinnherad · Lindås · Masfjorden · Meland · Modalen · Odda · Os · Osterøy · Radøy · Samnanger · Stord · Sund · Sveio · Tysnes · Ullensvang · Ulvik · Vaksdal · Voss · Øygarden | ||