Tysnes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysnes kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1223
Fylke Hordaland
Adm.senter Uggdal
Areal 255 km²
Folkemengd 2 736 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Kjetil Hestad (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.tysnes.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1223.svg
Tysnes kommune på Commons
Administrasjonssenteret i Uggdal
Hamneområdet i Våge, den einaste tettstaden i kommunen
Foto: Jarle Petterson
Den årlege Tysnescupen; her frå grasmatta på Reiso
Foto: Hans Christian Haaland
Hovlandsnuten
Tysnessåto, her sett ifrå Svartavassfjellet
Vasstølsfossen på nordaustsida av Tysnesøy, nære stigen til Hovlandsnuten

Tysnes er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Mestedelen av kommunen ligg på øya Tysnesøy, men i tillegg kjem øyane Reksteren og Skorpo og fleire andre mindre øyar.

Tysnes vart eigen kommune i 1838.

Avisa Tysnes er lokalavis.

Høgaste fjellet på Tysnes er Tysnessåto (753 moh.)

Tysnes har ferjesamband sør- og vestover frå Hodnanes til Jektevik og Huglo i Stord kommune. Nordover går det ferje frå Våge til Halhjem i Os. Lukksund bru knyter kommunen til Fusa på fastlandet.

Her er nærare 1400 feriehus, og i høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.

Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde med toppar opp i over 750 meters høgd.

Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.

Tysnes kommune har ikkje godkjent kommunevåpen, men kommunen har nytta merket to krosslagde økser med sparre over frå midt i syttiåra.

I mellomalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.

Tysnes-meteoritten, den nest største meteoritten som er funnen i Noreg, fall ned over Tysnesøy.

Namnet «Tysnes»[endre | endre wikiteksten]

Det ser ut til at Tysnesøya i førkristen tid og utover i mellomalderen vart kalla Njarðarlǫg, som truleg tyder guden Njords lovdøme (parallelt til Þrǿndalǫg). Njord var mellom anna gud for jakt, fiske og sjøfart. I seienmellomalderen fall n-en fremst i ordet bort, og i tidleg moderne tid var uttaleforma truleg vorten Jarlo. Kor lenge dette namnet var i bruk før det vart fortrengt av Tysnes er uvisst, men på eit kart frå 1776 er forma Iarløe brukt (altså fordanska form). Tysnes var tidlegare namnet på garden og grenda der kyrkja låg fram til fyrstninga av 1900-talet, truleg opphavleg Todneset (altså neset som peiker mot Våge), som vert markert av sola på ein spesiell måte ved alle dei fire solvendepunkta i året. Konsentrasjonen av sakrale stadnamn i området har truleg bakgrunn i solfenomenet. Tysnes har namn etter guden Ty.

Tysnes som kultstad[endre | endre wikiteksten]

Magnus Olsen påviste i 1905 at nordsida av Tysnesøya har ein eineståande konsentrasjon av stadnamn som vitnar om førkristen kultus. Under Dallandsfjellet ligg ein gard som heiter Ve, som tyder helgestaden, kultstaden (sjå ve), og ute i sjøen nord for det opphavlege Tysnes og Ve ligg bergholmen Helgastein, som tyder den heilage hammaren. Lenger aust ligg nokre øyar som på gammalnorsk heitte Goðeyjar «gudeøyane», og søraust for den ein gard med namnet Lunde, som mange stader er knytt til offerlundar (sjå heilag lund). Sør for Lunde ligg Vevatnet, som tyder det heilage vatnet eller kultvatnet, og Hovland, «kulthusgarden» (sjå hòv). Svein Ove Agdestein har påvist korleis sola fire gonger i året peikar på den store røysa på det opphavlege neset Tysnes, no kalla Todneset (som er uforklart). Tjue minutt etter solnedgang ved vintersolkverv kjem sola att i eit trongt skar og skin i 7-8 minutt rett på røysa, og berre på den, medan resten av bygda ligg i skugge. Ved sommarsolkverv går sola ned på eit fjell på Strøno i Os, men kjem fram att på nordaustsida og skin nokre få minutt på Todneset, før ho går ned for godt. Ved vår- og haustjamdøgn skjer det same, men då ved Dallandsfjellet. Sola skin på Todneset med eit påfølgjande ekstranummer ved alle dei fire solvendepunkta i året, medan omlandet stort sett ligg i skugge. Dette naturfenomenet kan vere årsaka til at staden vart rekna som heilag, og at den fyrste kyrkja vart bygd på denne avsides staden. Røysa på solsenterpunktet vart utgraven av Eyvind de Lange i 1915 og Jacob Kvalvaag i 1965, men hovudutgravinga i 1915 var dårleg jamvel for si tid.[2] Røysa er 20 meter i diameter og rundt halvannan meter høg, tilgrodd med gras i løpet av dei siste hundre åra. Det vart funne ei sekundærgrav i eine kanten. Oppi røysa var det ein binge mura av stein med eit slag oppmura steinbord i midten, og oppi bingen vart det funne dyrebein, blåskjel og østers, og feit, svart mold. Denne bingen vart av de Lange tolka som ei horg, altså ein type førkristen kultstad. Det er heilt uvisst, eller tvilsamt, om det stemmer. Bergen museum gjorde i mai 2013 ei lita utgraving i området ikring røysa. Resultata av den er ikkje klare.[3]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen sin tusenårsstad er Olavsgildet på Onarheim. Asplan Viak har laga ei prosjektskildring til utforming av området og modell av området, men prosjektet er ikkje gjennomført på grunn av den økonomiske situasjonen i kommunen. Tusenårstreet er planta ved skolane i kommunen og ved Årbakka Handelsstad.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Tysnes kommune frå 1920:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
4408 4379 4009 3866 3497 2910 2807 2895 2938 2779

Kjende tysnesingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Eldar Heide og Asle Bruen Olsen, UiB: «Sola gjer ekstranummer», Bergens Tidende 24. juni 2012
  3. http://www.arild-hauge.com/Agdestein-Rage-Det-forhistoriske-anlegget-pa-Tysneset.pdf
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Tysnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå