Tyson Gay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyson Gay i Indianapolis i 2007
Tyson Gay (fødd 9. august 1982) er ein amerikansk sprintar, og tredobbelt verdsmeister frå VM i 2007.
Gay gjekk på skule i Lexington i Kentucky, og vann fleire delstatstitlar i ungdommen. Han deltok i universitetsidrett for universitetet i Arkansas. I 2005 kom han på 4. plass på 200 meter under verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki.
I verdsmeisterskapen i friidrett i Tokyo i 2007 vann han gull på 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett.
Personlege rekordar(27. juli 2008) [endre]
| Distanse | Tid | Vind | Stad | Dato |
|---|---|---|---|---|
| 100 m | 9,77 | +1,7 m/s | Eugene i Oregon, USA | 27. juni 2008 |
| 200 m | 19,62 | −0,3 m/s | Indianapolis, USA | 24. juni, 2007 |