Tyssestrengene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tyssestrengene | ||
Tyssestrengene fotografert frå Ringedalsvatenet i 1880/90-åra. Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum |
||
| Stad | Odda, Hordaland | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Type | Fleirtrinns | |
| Totalt fall | 646 m | |
| Lengste fall | 312 m | |
| Tal på fall | 3 | |
| Elv | Tysso | |
| Verdsrangering | 44. høgaste i verda. | |
Tyssestrengene er den 14. høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Fossen er ein del av elva Tysso i Odda kommune i Hordaland fylke. Fossen består av tre fall og det største av desse har eit fall på 312 meter. Elva renn ut i Ringedalsvatnet.
Elva held fram ned mot Sørfjorden i Hardanger og ho har utløp i Tyssedal. Vassdraget er regulert til vasskraft og vatnet vert nytta i vasskraftverket Tysso II. Sjølve fossen er ofte utan vassføring, sidan vatnet vert førd gjennom tunellar i fjellet.