Tysvær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Tysvær
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1146
Fylke: Rogaland
Administrasjonssenter: Aksdal
Flatevidd: 419 km²
Folketal: 9 604 (2008)
Målform: Nynorsk
Internettside: www.tysver.kommune.no
Politikk
Ordførar: Harald Stakkestad (H) 2007-2011

Tysvær er ein kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Han grensar til kommunane Haugesund og Karmøy i vest, Sveio i Hordaland og Vindafjord i nord, over Vindafjorden i aust ligg Suldal, og over Boknafjorden i sør ligg Finnøy og Bokn. E39 og E134 går gjennom Tysvær og kryssar kvarandre i kommunesenteret Aksdal.

Kommunen ligg på nordsida av Boknafjorden og landskapet er prega av fleire fjordar som går innover i landet sørfrå. I vest ligg Førresfjorden, litt lenger aust Førlandsfjorden, så kjem Hervikfjorden/Skjoldafjorden/Grindafjorden før kommuen vert avgrensa av Vindafjorden i aust. I nordaust går grensa mot Vindafjord kommune i Yrkefjorden. Mellom fjordane ligg det ein del mindre innsjøar og vatn. Det er ein del mindre øyer i kommunen, den største av dei, og den einaste som er busett, er Borgøy som ligg i Skjoldafjorden.

Mange av dei som bur i Tysvær har arbeidet sitt i Haugesund. Elles er jordbruk ein viktig leveveg, og det vert også dreve noko fiske og fiskeoppdrett. Sørvest i kommunen ligg Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg.

Tysvær Bygdeblad er lokalavis for Tysvær. Haugesunds Avis har òg nyhende frå kommunen.

[endre] Bakgrunnsstoff


Rogaland
Bjerkreim | Bokn | Eigersund | Finnøy | Forsand | Gjesdal | Haugesund | Hjelmeland |  | Karmøy | Klepp | Kvitsøy | Lund | Randaberg | Rennesøy | Sandnes | Sauda | Sokndal | Sola | Stavanger | Strand | Suldal | Time | Tysvær | Utsira | Vindafjord
Personlege verktøy