Učka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Učka
Učka i Kvarnerski zaljev.jpg
Høgd over havet 1 401 m
Ligg i/på Kroatia
Koordinatar 45°15′N 14°12′E

Učka (italiensk: Monte Maggiore) er det høgaste fjellet på halvøya Istria nord i Kroatia. Fjelltoppen Vojak er det høgaste punktet med 1 401 m.

Učka er synleg stort sett alle stader frå halvøya og har snødekke enkelte månadar av året. Byen Opatija (italiensk Abbazia) skal ha vore ein populær feriestad i Habsburgmonarkiet sidan han låg «i skuggen» til Učka, som i følgje ei segn skal verne mot den steikande middelhavsvarmen om sommaren.

Området på og rundt Učka er erklært ein naturpark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]