UK Albums Chart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

UK Albums Chart er ei musikkliste som viser salsposisjonen til musikkalbum i Storbritannia. Lista er utarbeidt av The Official UK Charts Company og er basert både på fysisk sal og digital nedlasting.

Eit vekentleg «Album Chart Show» vert sendt på sundagar på BBC Radio 1 (topp 40) og lista vert publisert i Music Week (topp 75) og på nettsida OCC (top 100).

For å kunne hamne inne på lista på albuma vere over ei viss lengd og over ein viss pris. Det må ha meir enn tre spor eller vere 20 minuttar lang og ikkje vere klassifisert som eit billigalbum. Eit billigalbum kostar mellom £0,50 og £3,75. I tillegg vert samlealbum, som fram til januar 1989 var ein del av hovudlista, i dag ført opp på ei eiga liste.[1]

Sjølv om albumsal som regel skapar høgare inntekter for artistane over tid, får denne lista mindre mediamerksemd enn UK Singles Chart, fordi det totale salet til eit album er viktigare enn den høgaste plasseringa på denne lista. Ein frykta lenge at digital nedlasting skulle truge det tradisjonelle albumet, men i 2005 vart det sett ny rekord for albumsal i Storbritannia med 126,2 millionar selde album.[2]

Den offisielle britiske albumlista var i starten lista til Melody Maker frå 8. november 1958 til mars 1960 (sjølv om Record Mirror publiserte listene frå 28. juli 1956[3]); Record Retailer-lista frå 1960 til 1969 og The Official UK Albums Chart frå 1969 til i dag. I 1970-åra vart lista avslørt på torsdagar på BBC Radio 1, og seinare på onsdag kveld. I oktober 1987 vart annonseringa flytta til mandag. Sidan oktober 1993 har lista vorte annonser tpå sundagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Official Charts Company - Album Chart Rules Henta 20. januar 2015.
  2. «Blunt boosts record labels' 2005». BBC. 6 January 2008. http://news.bbc.co.uk/1/hi/entertainment/4588444.stm. 
  3. Warwick, Neil; Kutner, Jon; Brown, Tony (2004). The Complete Book Of The British Charts: Singles and Albums (3rd ed.). London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-058-0.