UML

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partiflagget til CPN(UML)

UML er det mest brukte namnet på det største parlamentariske kommunistpartiet i Nepal, og er forkortinga for siste delen av det offisielle engelske partinamnet Communist Party of Nepal (Unified Marxist-Leninist). På nepali heiter partiet Nepal Kamyunishta Parti (Ekikrit Marksbadi ra Leninbadi), forkorta til NeKaPa(EMaLe) eller NKP(EML). Partiet er den største konkurrenten til Kongresspartiet.

Sjølv om partiet har bakgrunn frå den kommunistiske tradisjonen, fører dei i dag ein moderat sosialdemokratisk politikk. Partiet deltek i Sjupartialliansen for demokrati i Nepal.